Raymond Davis jr. () var ein amerikansk kjemikar. Han tok doktorgrad i kjemi ved Yale University i Connecticut i 1942, og var professor ved Department of Physics and Astronomy ved University of Pennsylvania.

Davis jr. vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 2002 «for banebrytande innsats innan astrofysikken, spesielt for deteksjon av kosmiske nøytrinoar». Han delte halvparten av prispengane med japanaren Masatoshi Koshiba, medan den andre halvparten vart tildelt amerikanaren Riccardo Giacconi.

Raymond Davis jr. konstruerte ein nøytrinodetektor som bestod av ein stor tank med 600 tonn væske, plassert djupt nede i ei gruve. I løpet av tretti år lukkast han i å fange totalt nøytrinoar frå sola og kunne dermed bevise at solenergien kjem frå fusjon. I ein annan gigantisk detektor, kalla Kamiokande, kunne ei gruppe forskarar leia av Masatoshi Koshiba stadfestet resultatet til Davis.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Raymond Davis, Jr.» frå , den 22. februar 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Washington, D.C. Kategori:Døde av Alzheimers Kategori:Enrico Fermi-prisen Kategori:Medlemmar av United States National Academy of Sciences Kategori:National Medal of Science Kategori:USA-amerikanske kjemikarar Kategori:Wolfprisen i fysikk Kategori:Elevar ved Yale University Kategori:Panofsky-prisen Kategori:Comstock-prisen i fysikk