Adam Guy Riess () er ein amerikansk astrofysikar ved Johns Hopkins University og Space Telescope Science Institute, mest kjend for arbeidet sitt med å kartlegge ekspansjonen til universet med hjelp av supernovaer. I 2011 vart Riess tildelt Nobelprisen i fysikk for oppdaginga av akselerasjonen til det ekspanderande universet gjennom observasjonar av fjerne supernovaer.http://www.nobelprize.org/nobel_prizes/physics/laureates/2011/press.html Riess delte halvparten av prisen med Brian Schmidt, medan Saul Perlmutter vart tildelt den andre halvparten.

Saman med Brian Schmidt leia Riess High-z Supernova Search Team, den eine av de to forskargrupper som i 1998 samtidig oppdaga at ekspansjonen til universet akselererer. Denne oppdaginga gav opphav til hypotesen om mørk energi og oppdaginga vart utnemnd til «Breakthrough of the Year» av tidsskriftet Science 1998.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Adam G. Riess» frå , den 22. februar 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:USA-amerikanske fysikarar Kategori:Jødiske nobelprisvinnarar Kategori:Nobelprisvinnarar frå USA Kategori:Nobelprisen i fysikk Kategori:Folk frå Washington