Alan Mackenzie Howard () var ein britisk skodespelar, oppvaksen vest i Sussex.
Biografi
Alan Howard var einebarn og kom frå ein skodespelarfamilie. Onkelen hans, Leslie Howard var ein kjend skodespelar i 1930-åra, m.a. frå filmatiseringa av Tatt av vinden. Alan Howard gjorde sin fyrste sceneopptreden på teater i Coventry i 1958, og fekk mange teaterroller utover 1950- og 1960-åra. Frå 1966 til 1983 var han medlem i teaterselskapet Royal Shakespeare Company, noko som gjorde at han spelte i mange teaterstykke av Shakespeare, men også andre kjende dramatikarar, fram til i dag. Frå 1992 til 2000 spelte han mange hovudroller ved Royal National Theatre i London.
Alan Howard har også hatt roller i spelefilm sidan 1961, då han spelte i filmen Victim. I seinare år har han vorte kjend for å spela inn den nifse røysta til Ringen i storfilmane Ringenes herre: Ringens brorskap (2001) og Ringenes herre: Atter en konge (2003), begge av Peter Jackson. Replikkane hans er både på engelsk og på Mordor-språket, som vart laga av J.R.R. Tolkien.Filmmelding frå alanhoward.org.uk, skrive av Richard Corliss i Time, 19.02.01.
Alan Howard vart utnemnd til kommandør av den britiske imperieordenen 1998.
Filmar
Victim (1961) Helter i Telemark (1965) Work Is a 4 Letter Word (1968) Oxford Blues (1984) The Return of the Musketeers (1989) Strapless (1989) The Cook the Thief His Wife & Her Lover (1989) Antigone/ Rites of Passion Dakota Road (1992) The Secret Rapture (1993) Ringenes herre: Ringens brorskap (2001) Ringenes herre: Atter en konge (2003)
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Alan Howard» frå , den 29. februar 2012. Filmografien er henta frå imdb.com, den 29. februar 2012.
Fotnotar
Kategori:Britiske skodespelarar