Serenade for orkester i D-dur, K. 250, populært kalla Haffnerserenaden, er ein serenade av Wolfgang Amadeus Mozart kalla opp etter Haffnerfamilien. Venen til Mozart, Sigmund Haffner den yngre, bestilte serenaden for å nyttast i festlegheitane før bryllaupet til syster hans Marie Elisabeth Haffner og hennar Franz Xaver Spaeth. Serenaden vart først spelt 21. juli 1776, kvelden før bryllaupet. Verket har åtte satsar:
I. Allegro maestoso - Allegro molto II. Andante III. Menuetto IV. Rondeau: Allegro V. Menuetto galante VI. Andante VII. Menuetto VIII. Adagio - Allegro assai
Den andre, tredje og fjerde satsen er dominert av solofiolinar. Rondoen (fjerde satsen) har vorte arrangert for solofiolin og vert nytta som eit populært virtuosstykke.
Ei typisk framføring varer 55 minuttar.
Sjå òg Haffnersymfonien, K. 385, eit anna stykke bestilt av Haffner
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Serenade No. 7 (Mozart)» frå , den 1. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
Program notes on the Haffner Serenade for its performance by the New York Philharmonic
Serenade 07 Kategori:Musikk i 1776