Alan Sidney Patrick Rickman () var ein britisk skodespelar frå London. Han var særleg kjend for rolla som Severus Slur i filmane om Harry Potter.

Biografi

Alan Rickman vart fødd inn i ein familie på fire born South Hammersmith i London, og gjekk på montessoriskule i barndommen. Faren døydde då Alan var åtte år gamal. Mora gifte seg opp att, men skilde seg etter tre års ekteskap med den nye ektemannen. Alan Rickman viste gode evner for kalligrafi og måleri med vassfargar. Sjølv om han hadde stor interesse for drama, utdanna han seg til grafisk designer. Han byrja i jobb for avisa Notting Hill Herald, og starta opp sitt eige designstudio med nokre kameratar. Etter eit par år bestemte han seg likevel for å søkja om plass ved Royal Academy of Dramatic Art og gjekk der frå 1972 til 1974. Han fordjupa seg i Shakespeare ved akademiet, og i 1978 fekk han si fyrste rolle for fjernsyn, i ei oppsetjing av Romeo og Julie. Rickman vart også med i Royal Shakespeare Company.

Alan Rickman vart seinare ein kjend skodespelar både på teater og på film og fjernsyn. Av større filmproduksjonar kan nemnast at han spelte skurken i Hollywood-filmen Die Hard i 1988 og i komedien Truly Madly Deeply i 1990. I 1991 var han med i Robin Hood - Tyvenes prins, og han spelte i filmoppsetjinga av Fornuft og følelser i 1995. I 2003 hadde han ei av hovudrollene i Love Actually (2003) og han var med i Sweeney Todd - Demonbarbereren fra Fleet Street i 2007. Alan Rickman var også ein dyktig stemmeskodespelar. Han spelte inn stemma til roboten Marvin i Haikerens guide til galaksen (2005), og til larven i Alice i Eventyrland i 2010.

Alan Rickman vann m.a. Emmy-prisen og BAFTA-prisen.

Rolle i Harry Potter-filmane

I 2001 spelte han Severus Slur i den fyrste Harry Potter-filmen; Harry Potter og de vises stein. Alan Rickman skulle få spela i denne rolla i til saman åtte filmar frå 2001 til 2011. I Harry Potter-universet til J.K. Rowling underviser karakteren Severus Slur i eliksirar og i forsvar mot svartekunstar ved Galtvort. Slur er framstilt som ein kompleks og tvitydig karakter. Han er svært dyktig på den magiske eigenskapen psykoblokking, noko som gjer at han forsvara seg mot at andre kan lesa tankane hans og sjå kva han eigentleg føler. I filmane er Slur difor ein kald og streng figur som ikkje fortel mykje om seg sjølv.

Filmografi

1988: Die Hard 1989: The January Man 1990: Quigley Down Under 1990: Truly Madly Deeply 1991: Closet Land 1991: Robin Hood - Tyvenes prins 1991: Close My Eyes 1992: Bob Roberts 1994: Mesmer 1995: An Awfully Big Adventure 1995: Fornuft og følelser 1996: Michael Collins 1997: Vintergjesten 1998: Judas Kiss 1998: Dark Harbor 1999: Dogma 1999: Galaxy Quest 2000: Hjelp, jeg er en fisk 2001: Blow Dry 2001: Harry Potter og de vises stein 2001: The Search for John Gissing 2002: Filmen Harry Potter og mysteriekammeret 2003: Love Actually 2004: Harry Potter og fangen fra Azkaban 2005: Haikerens guide til galaksen 2005: Harry Potter og ildbegeret 2006: Snow Cake 2006: Perfume: The Story of a Murderer 2007: Nobel Son 2007: Harry Potter og Føniksordenen 2007: Sweeney Todd - Demonbarbereren fra Fleet Street 2008: Vin i vrangstrupen 2009: Harry Potter og halvblodsprinsen 2010: Alice i Eventyrland 2010: Harry Potter og dødstalismanene - del 1 2011: Harry Potter og dødstalismanene - del 2 2012: Gambit

Kjelder

Denne artikkelen byggjer på «Alan Rickman» frå , den 1. mars 2012. Avsnittet om Harry Potter-filmane er henta frå «Severus Slur» frå , den 1. mars 2012. Filmografien er henta frå imdb.com, den 1. mars 2012.

kategori:Engelske skodespelarar kategori:Britiske skodespelarar kategori:Folk frå London Kategori:Skodespelarar i Harry Potter