Il sogno di Scipione, K. 126 er ein dramatisk serenade i ein akt (azione teatrale) komponert av Wolfgang Amadeus Mozart til ein libretto av Pietro Metastasio, som er basert på boka Somnium Scipionis av Cicero. Mozart hadde opphavleg komponert verket då han var 15 år for vernaren sin, fyrstbiskop Sigismund von Schrattenbach. Då biskopen døydde før det vart framført, valde Mozart å dedisere operaen til etterkomaren til Schrattenbach, grev Colloredo. Han fekk ei privat framføring i erkebispepalasset i Salzburg den 1. mai 1772, sjølv om ikkje heile vart framført. Berre ein arie, den siste koralen og eit resitativ vart framført for fyrstbiskopen. Det er usannsynleg at det vart framført i sin heilskap medan Mozart levde.Piero Melograni, Wolfgang Amadeus Mozart: A Biography, translated by Lydia G. Cochrane, University of Chicago Press, 2006, pp. 56–57

Første gongen ein sikkert veit at operaren vart framført i sin heilskap, var i 1979 for Mozartveka i Salzburg.

RolleStemmePremierebesetning, 1. mai 1772Scipione, Scipio Africanus den yngretenorCostanza (Constancy)sopranFortuna (Fortune)sopranPublio, Scipio Africanus the Elder,onkelen til Scipio og adoptivfartenorEmilio (Æmilius), far til ScipiotenorLa LicenzasopranKor: Heltar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Il sogno di Scipione» frå , den 1. mars 2012. oppgav desse kjeldene: Amadeus Almanac, accessed 24 juni 2008

Bakgrunnsstoff Il sogno di Scipione: Libretto

Kategori:Operaer av Wolfgang Amadeus Mozart Kategori:Italienskspråklege operaer Kategori:Musikk i 1772 Kategori:Operaer frå 1700-talet