Alf Kristian Tellefsen () er ein norsk kristen forkynnar som lenge har vore tilsett i Norges samemisjon, busett i Karasjok.

Biografi

Alf Kristian Tellefsen vart fødd på Flekkerøya utanfor Kristiansand. Etter vanleg skulegang gjekk han på misjonsbibelskule i Stjørdal, og i november 1958 vart han tilsett som misjonær i Norges samemisjon frå Karasjok, 20 år gamal.

Tellefsen dreiv misjonsverksemd på fleire stader i Finnmark. Han blei i tenesta i Finnmark heilt fram til 1979, berre avbroten av eit halvår i 1970/71, då han var vikar for krinssekretæren i Sørlandet krins i Samemisjonen. I denne tida lærte han nordsamisk, og blei godt kjend med samefolket i Finnmark. På 1960-talet vart han kjend som ein av dei fyrste forkynnarane som tok i bruk snøskuter på Finnmarksvidda, og han pleidde å seia at skuteren hadde revolusjonert tenesta. Frå 1981 til 1985 flytte han sørover att, og var krinssekretær i Stavanger krins. Deretter var han sekretær i Sørlandet krins fram til 1994.

I 1989 var han aktivt med i oppstarten av Samemisjonen sin nye nærradio i Lappland. Radioen fekk namnet Radio DSF fordi han fekk lokale på ein no nedlagt folkehøgskule; Den Samiske Folkehøgskole i Karasjok. Radio DSF vart innvigd i 1990 med Tellefsen aktivt involvert. Radioen skulle fyrst senda i Kautokeino kommune og Karasjok kommune, men dekkjer no også Tana, Nesseby, Porsanger og Vadsø. Frå 1990 hadde Tellefsen særleg ansvar for programmet Gæidnu Biibbala čađa - Vegen gjennom Bibelen, og fram til 2001 produserte han over 2000 program i denne serien.

Fram til 1997 var Tellefsen framleis busett på Sørlandet, trass i det store engasjementet hans i Radio DSF. Deretter flytte han til Karasjok att, med halv stilling som redaktør i radioen og halv stilling som forkynnar i Samemisjonen. Han var også engasjert i arbeidet med Radio DSF då dei fekk laga sendingar på kildinsamisk og russisk til Kolahalvøya hausten 2003.

17. juni 2006 fekk Alf Kristian Tellefsen Kongens fortenestmedalje i sølv for si lange verksemd i Norges samemisjon.Samemisjonen.no: Kongens heder til Alf Kristian Tellefsen. I 2008 vart han tildelt Bibelprisen for arbeidet sitt med Gæidnu Biibbala čađa - Vegen gjennom Bibelen.Bibel.no: Bibelprisen 2008 tildeles Alf Kristian Tellefsen

Kjelder

Artikkelen byggjer på biografi om Alf Kristian Tellefsen på Samemisjonen.no, skriven av Magne Gamlemshaug.

Fotnotar

Kategori:Folk frå Kristiansand Kategori:Kongens fortenestmedalje i sølv Kategori:Norske misjonærar Kategori:Norske forkynnarar