Ivo Andrić () var ein jugoslavisk forfattar, diplomat og politikar som i 1961 fekk Nobelprisen i litteratur «för den episka kraft varmed han gestaltat motiv och öden ur sitt lands historia.»«for the epic force with which he has traced themes and depicted human destinies drawn from the history of his country»Nobelpristildelinga 1961 på nobelprize.org Den mest kjende boka til Andrić er Broen over Drina.
Andrić var fødd i Dolac nær Travnik i Austerrike-Ungarn, noverande Bosnia. Rundt 1920 tok Andrić til å arbeide for den jugoslaviske staten og skifta då over frå kroatisk til serbisk litteratur. Etter at den andre verdskrigen var over gjekk han i teneste i den – no sosialistiske – jugoslaviske staten.
Andrić gav ut to prosadiktsamlingar og tre novellesamlingar i åra rundt 1930. I 1945 blei han verdskjent for «den bosniske trilogien» med romanane Na Drini ćuprija, Gospođica og Travnička hronika.I norsk omsetjing Broen over Drina, Frøkenen og Konsulene (den siste i direkte omsetjing «Travnik-krøniken») Hovudtema i romanane og forteljingane er bosnisk levesett og historie og livet der aust og vest møtes. Han uttrykte dei politiske haldningane sine i bøkene; sjølv om han var tilhengar av den multietniske tankegangen til den jugoslaviske staten, skildra han òg problema ved at ulike kulturar levde tett saman.
Ivo Andrić døydde i Beograd.
Referansar og fotnotar
Bakgrunnsstoff Ivo-Andrić-museet i Beograd
Nobelpristildelinga 1961 på nobelprize.org onlinekunst.de om Ivo Andrić Doris Akrap: Ivo Andrić in der Erinnerungspolitik der postjugoslawischen Staaten. i die tageszeitung 31. oktober 2011
Kategori:Jugoslaviske forfattarar Kategori:Nobelprisen i litteratur Kategori:Folk frå kanton Sentral-Bosnia Kategori:Jugoslaviske nobelprisvinnarar