Christoffer Wilhelm Eckersberg, også C.W. Eckersberg (),Christoffer Wilhelm Eckersberg frå Weilbachs kunstnerleksikon var ein dansk målar og den som la grunnlaget for målarkunsten i den danske gullalderen.Christoffer Wilhelm Eckersberg frå Guide til dansk guldalder Han fekk stor betydning for mange målarar i samtida og i tida etter. Elevane hans høyrde til dei mest framifrå kunstnarane i perioden, mellom anna Christen Købke, Martinus Rørbye, Wilhelm Bendz, Constantin Hansen og Wilhelm Marstrand.
mini|venstre|Udsigt gennem tre af de nordvestlige buer i Colosseums tredje stokværk frå 1815.Olje på lerret32 × 49,5 cmStatens Museum for KunstMåleri tatt opp i Kulturkanonen. mini|venstre|«Kvinde foran et spejl» frå 1841Olje på lerret33,5 × 26 cmDen Hirschsprungske Samling
Eckersberg studerte ved Det Kongelige Danske Kunstakademi frå 1803 og fekk undervisning frå mellom anna Nicolai Abildgaard. Seinare var han på studiereise ute i Europa og var elev hos Jacques-Louis David i Paris i to år. Davids strenge klassisisme kom til å bli avgjerande for Eckersbergs stil.Leif Østby: Christoffer Wilhelm Eckersberg frå Store norske leksikon
Etter eit treårig opphald i Roma i 1813-1816 vendte han attende til København for å bli professor ved akademiet, ei stilling han hadde til sin død. Han var direktør i 1827-1829. I løpet av den lange karrieren sin måla han mange portrett, landskap og marinemåleri og ei rekkje historiske og mytologiske motiv.
Referansar
Kategori:Danske målarar Kategori:Den danske gullalderen Kategori:Professorar ved Det Kongelige Danske Kunstakademi Kategori:Medlemmar av Det Kongelige Akademi for de Skønne Kunster Kategori:Personar med verk i den danske kulturkanonen Kategori:Folk frå Aabenraa