Sense (tysk) eller Singine (fransk) er ei sideelv til Saane frå høgre i Sveits. Ho er ei grenseelv mellom kantonane Fribourg og Bern. Elva starta der Kalte Sense, som kjem frå fjellet Gantrisch, og Warme Sense, som renn frå innsjøen Schwarzsee, renn saman ved Zollhaus.

Sense renn gjennom eit 15 km langt gjel, som er ein populær stad for vassport. Den største sideelva hennar er Schwarzwasser.

Etter om lag 35 km munnar Sense ut i Saane ved Laupen i Bern. Sidan vassnivået i Sense kan stige hurtig under kraftig regnvêr, er det farleg å opphalde seg nær elveleiet i usikre vêrtilhøve.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Sense River» frå , den 8. mars 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Elvar i Sveits Kategori:Geografi i Bern Kategori:Geografi i Fribourg