Stanghelle er ein tettstad i Vaksdal kommune i Vestland. Staden ligg ved Veafjorden og Dalevågen og er omringa av høge fjell. E16 og Bergensbanen/Vossabanen går gjennom staden.
mini|venstre|Stanghelle sett frå Rispingen på Osterøy.
Det bur om lag 800 menneske på Stanghelle, fordelt på det som vert kalla Stanghelle Aust og Stanghelle Vest, som er delt av Dalevågen, men forbunde med Vågen bru. På Stanghelle ligg mellom anna Coop marked, Stanghelle barnehage og Stanghelle skule for 1. til 7. klasse.
Småstadane Fossmark i sør, Helle i nord og Hesjedalen i vest på Osterøya vert ofte rekna å høyra til Stanghelle. Dei næraste større tettstadane til Stanghelle er Dale sju km mot nord, og Vaksdal som ligg 10 km mot sør.
Kjende stanghellingar er Trond Egil Soltvedt, tidlegare Premier League-proff, og Harald Stanghelle, tidlegare Dagbladet-redaktør, no redaktør for Aftenposten.
Kjelder
Kategori:Geografi i Vaksdal Kategori:Tettstader i Vestland