Lawrence Mark Sanger (), meir kjend som Larry Sanger, er ein amerikansk internett-prosjekutviklar som var med på å grunnleggja Wikipedia og seinare grunnla Citizendium.

Oppvekst og utdanning Lawrence Mark Sanger vart fødd i 1968 i Bellevue i Washington og voks opp i Anchorage i Alaska. Han oppnådde bachelorgraden i filosofi ved Reed College i 1991 og Ph.D.-graden i filosofi ved Ohio State University i 2000 med doktorgradsavhandlinga Epistemic Circularity: An Essay on the Problem of Meta-Justification.

Nupedia og Wikipedia Nupedia var eit oppslagsverk på verdsveven med artiklar skrivne av frivillige med ekspertise på emnet som blei gjennomgått av redaktørar før dei blei utgjevne som fritt innhald. Jimmy Wales var ein grunnleggjar medan Bomis løyva midlar, medan Sanger blei hyra som sjefsredaktør. Han fekk ansvar for Nupedia frå februar 2000. Sanger utvikla ein gjennomgangsprosess for artiklar og rekruterte redaktørar.

Både Wales og Sanger var frustrerte av den sakte veksten til Nupedia. I januar 2001 føreslo Sanger å laga ein wiki for å skunda på utviklinga av artiklar, og resultatet blei Wikipedia. Wikipedia blei offisielt lansert 15. januar 2001. Både Sanger og Wales blei overraska over kor fort det nye prosjektet voks. Berre på nokre dagar var Wikipedia blitt større enn Nupedia, og det danna seg ei lita sosial gruppe av skribetar.

Sanger opplevde at han kjempa ein stadig kamp mot «nettroll» og «anarkist-typar», og ønskte ein større bruk av ekspert-redaktørar med autoritet til å løysa kranglar og sjå etter at reglar blei følgde. Utmatta av det langvarig strid om innhald og med kjensla av ei manglande støtte frå Wales forlét Sanger til slutt prosjektet.

Etter Wikipedia Etter arebidet med Wikipeda har Sanger vendt attende til den akademiske verda, og han er no førelesar ved Ohio State University, der han underviser i filosofi. Spesialfeltet hans er epistemologi med hovudvekt på 1600-talsfilosofi og etikk. I fritida spelar og underviser han irsk folkemusikk på fele i Columbus og Dayton i Ohio.

Sanger var grunnleggjaren og eksekutivsjefen for «Sanger’s Review of Y2K News Reports» (tidlegare på sangersreview.com ), ein ressurs for Y2K-overvakarar, og han driv òg ein nettstad om Donegal-feletradisjonen.

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Larry Sanger» frå , den 13. mars 2019.

Bakgrunnsstoff Academic home page of Larry Sanger Wikipedia user page of Larry Sanger Personal Statement about Wikipedia's Reliability (December 2004) Columns about Wikipedia written by Sanger—On Meta. («Possibly outdated», he says.) Donegal Fiddle Pages Epistemic Circularity: An Essay on the Problem of Meta-Justification Introductory philosophy lectures from Sanger's 1998 course at Ohio State University (many of these have been greatly edited from Sanger's originals—"as they should be", he says.) Larry Sanger’s Knowledge Free-for-All —Technology review article Britannica or Nupedia? The Future of Free Encyclopedias Kuro5hin (July 25, 2001 op-ed article) Wikipedia is wide open. Why is it growing so fast? Why isn't it full of nonsense? Kuro5hin (September 24, 2001 op-ed article) Why Wikipedia Must Jettison Its Anti-Elitism Kuro5hin (December 31, 2004 op-ed article) The Early History of Nupedia and Wikipedia: A Memoir and Part II Slashdot (April 18-19, 2005)

Kategori:Gründerar Sanger, Larry Sanger, Larry Sanger, Larry