Beograd er hovudstad og største by i Serbia. Byen ligg der Sava munnar ut i Donau, og der Den pannoniske sletta og Balkanfjella. Han er òg den fjerde største byen i Søraust-Europa etter Istanbul, Aten og Bucuresti.

Beograd har status som ei eining på nivå med distrikta i Serbia med eit sjølvstyrt bystyre. Byområdet er delt inn i 17 bydelskommunar, som kvar har sitt eige kommunestyre. Beograd blir òg rekna som ein eigen statistisk region. Byområdet dekkjer 3,6 % av Serbia og 24 % av alle innbyggjarane i landet lever her. Beograd er det økonomiske senteret i Serbia og hovudstaden for serbisk kultur, utdanning og vitskap.

Namnet til byen er sett saman av to delar: Beo- kjem av belo og betyr kvit, hrád er slavisk for borg.

I Beograd sit ein serbisk-ortodoks patriark og ein romersk-katolsk erkebiskop.

Historie Beograd er ein av dei eldste byane i Europa med arkeologiske spor som går tilbake til 500-talet f.Kr. Byen vart oppdaga av grekarar, og grunnlagd av keltarar. Han fekk byrettar av romarane før han vart permanent busett av serbarar frå 600-talet og framover. Med den strategiske plasseringa har byen vorte kjempa om over 140 gonger sidan antikken.http://www.timesonline.co.uk/tol/travel/holiday_type/music_and_travel/article4385812.ece I mellomalderen høyrte han til Austromarriket, Frankarriket, Kongedømet Ungarn og serbiske herskarar. I 1521 vart Beograd erobra av Det osmanske riket og vart sete for Pashaluken Beograd, som den viktigaste osmanske byen i Europa og av dei største europeiske byane.http://www.beograd.rs/cms/view.php?id=201251 Serbarane fekk igjen kontroll over byen i 1841 etter den serbiske revolusjonen. Det nordlege Beograd vart likevel verande ein austerriksk utpost fram til Austerrike-Ungarn braut saman i 1918. Den samla byen vart då hovudstad i fleire utgåver av Jugoslavia, fram til 2006, då Serbia igjen vart ein eigen sjølvstendig stat. Etter dette har byen opplevd stor kulturell og økonomisk vekst.http://www.beobuild.rs/projects.php

Bydelskommunar

Beograd er delt inn i 17 bydelskommunar som dels er bydelar i byområdet til Beograd, dels er forstader. Namn Areal (km²) Folketal 2002 Folketal 2011 Folketal 2022 Status Barajevo 213 24 641 27 110 26 431 Forstad Čukarica 156 168 508 181 231 175 793 Bydel og forstad Grocka 289 75 466 83 907 82 810 Forstad Lazarevac 384 58 511 58 622 55 146 Forstad Mladenovac 339 52 490 53 096 48 683 Forstad Novi Beograd 41 217 773 214 506 209 763 Bydel Obrenovac 411 70 975 72 524 68 882 Forstad Palilula 451 155 902 173 521 182 624 Bydel og forstad Rakovica 31 99 000 108 641 104 456 Bydel Savski Venac 14 42 505 39 122 36 699 Bydel Sopot 271 20 390 20 367 19 126 Forstad Stari Grad 5 55 543 48 450 44 737 Bydel Surčin 285 38 814 43 819 45 452 Forstad Voždovac 148 151 768 158 213 174 864 Bydel og forstad Vračar 3 58 386 56 333 55 406 Bydel Zemun 154 152 831 168 170 177 908 Bydel og forstad Zvezdara 32 132 621 151 808 172 625 Bydel Total 3 227 1 576 124 1 659 440 1 681 405 Kjelde: Statistical Office of the Republic of Serbia

Sjølve byområdet til Beograd hadde i 2022 1 197 714 innbyggjarar, fordelt slik på bydelskommunane:

Namn Totalt Forstad Bydel Barajevo 26 431 26 431 Čukarica 175 793 37 606 138 187 Grocka 82 810 82 810 Lazarevac 55 146 55 146 Mladenovac 48 683 48 683 Novi Beograd 209 763 209 763 Obrenovac 68 882 68 882 Palilula 182 624 68 741 113 883 Rakovica 104 456 104 456 Savski Venac 36 699 36 699 Sopot 19 126 19 126 Stari Grad 44 737 44 737 Surčin 45 452 45 452 Voždovac 174 864 18 955 155 909 Vračar 55 406 55 406 Zemun 177 908 11 859 166 049 Zvezdara 172 625 172 625 Total 1 681 405 483 691 1 197 714

Befolkningsutvikling Folketalet ved folketeljingane etter den andre verdskrigen for kommunen (regionen) Beograd og for sjølve byområdet. + Historiske folketal År Kommune Byområdet 1948 634 003 397 678 1953 731 837 477 942 1961 942 190 657 302 1971 1 209 360 899 004 1981 1 470 073 1 087 804 1991 1 602 226 1 168 409 2002 1 576 124 1 119 523 2011 1 659 440 1 166 763 2022 1 681 405 1 197 714

Busetnader Dei største busetnadene i regionen Beograd er:

Bydelskommune Folketal 2002 Folketal 2011 Folketal 2022 Beograd 1 119 523 1 166 763 1 197 714 Borča Palilula 35 150 46 086 51 862 Kaluđerica Grocka 22 248 26 904 28 483 Lazarevac Lazarevac 22 732 26 006 27 635 Obrenovac Obrenovac 23 929 25 429 25 380 Mladenovac Mladenovac 22 114 23 609 22 346 Surčin Surčin 14 292 18 205 20 602 Sremčica Čukarica 18 450 21 001 19 434 Ugrinovci Zemun 7 199 10 807 11 859 Leštane Grocka 8 492 10 473 10 454 Ripanj Voždovac 10 741 11 088 10 084 Barajevo Barajevo 8 325 9 158 8 967 Vrčin Grocka 8 667 9 088 8 601 Padinska Skela Palilula 9 836 9 263 8 519 Grocka Grocka 8 338 8 441 8 154 Dobanovci Surčin 8 247 8 503 7 705 Vinča Grocka 5 819 6 779 6 924 Barič Obrenovac 6 586 6 918 6 610 Jakovo Surčin 5 949 6 393 6 534 Boleč Grocka 5 750 6 410 5 955 Zvečka Obrenovac 6 138 6 350 5 846 Umka Čukarica 5 292 5 272 4 985

Byområdet til Beograd fordelt på bydelar:

Folketal 2002 Folketal 2011 Folketal 2022 Novi Beograd 217 773 214 506 209 763 Zvezdara 132 621 151 808 172 625 Zemun 145 632 157 363 166 049 Voždovac 132 747 138 352 155 909 Čukarica 132 055 141 551 138 187 Palilula 103 261 110 637 113 883 Rakovica 99 000 108 641 104 456 Vračar 58 386 56 333 55 406 Stari Grad 55 543 48 450 44 737 Savski Venac 42 505 39 122 36 699 Beograd 1 119 523 1 166 763 1 197 714

Kultur Beograd ligg sentralt til og er derfor eit av dei travlaste transportknutepunkta i Europa. Byen er kjent for å vere den mest livlege i regionen og ber på utrykket «der alt skjer». Beograd har eit livleg nattelivet og mange kjem hit i helgene.

Beograd vart kåra som framtida sin europeisk by i Aust-Europa av Foreign Direct Investment. I ei undersøking har òg The New York Times kåra Beograd til ein av dei beste europeiske hovudstadane.

Kjende personar frå Beograd Nikola Tesla (1856–1943), oppfinnar Ivo Andrić (1892–1975), forfattar Zoran Đinđić (1952–2003), politikar Filip Vujanović (fødd 1954), montenegrinsk politikar Boris Tadić (fødd 1958), politikar Željko Joksimović (fødd 1972), songar, låtskrivar og musikkprodusent Dušan Petković (fødd 1974), fotballspelar Novak Đoković (fødd 1987), tennisspelar

Kjelder

Delar av denne artikkelen bygger på «Belgrade» frå , den 21. mars 2009.

Referansar

Discover Belgrade; Beograd, hovudstad

http://p104.ezboard.com/Skordiski/fistorijabalkanafrm27.showMessage?topicID=209.topic

http://www.qtours.dk/index.php?option=com_content&task=view&id=54&Itemid=97

The City in Late Antiquity av John Rich

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Serbia Kategori:Hovudstader i Europa Kategori:Byar ved Donau Kategori:Busetnader grunnlagde på 200-talet fvt. Kategori:Byar og tettstader i regionen Beograd Kategori:Statistiske regionar i Serbia