Alf Haugland () var ein norsk diktar.
Fyrste boka til Haugland kom ut i 1981 og heitte med Det er vi som er skyld i inflasjonen. Det var ei diktsamling skriven på bokmål. Redaktøren i Telemark Tidend, Halvor J. Sandsdalen, overtala han til å skrive på nynorsk, og dei seinare bøkene hans er på den målforma. Haugland hadde byrja med skriving lenge før, alt i sju-årsalderen sende han avgarde fyrste innlegget sitt til Norsk Barneblad. Det var starten på eit langt liv som skribent i mange ulike blad og aviser, ofte under psevdonym. Han røpte to av løyndnamna sine, Kal Korsvann og Stein Flottin, men det var fleire andre også. For Kragerø-avisa Vestmar skreiv han limericks i fem år frå 1947, og han hadde dikt på trykk i Aftenposten og skreiv for NRK Telemark og Otto Nielsen i Søndagsposten. Ein flittig bidragsytar var han også i Telemark Tidend, og han hadde ting på trykk i Tyrihans.
Dikta til Haugland er gjerne i fri form, og er oftast stutte. Pennen hans kunne vere skarp og han skreiv mykje om aktuelle emne, og han nyttar seg også av humor. I eit dikt beklagar han t.d. at ein minister ikkje er frå Bykle, for hadde han det vore kunne han skrive ein limerick om han. Politisk høyrde han til på venstresida, og han stod på kommunevallista til Sosialistisk Venstreparti i Nome kommune seinast i 2011.
Haugland arbeidde i NSB og budde i Drangedal, Kragerø og Rollag. Han var mellom anna stasjonsmeister på Norefjord stasjon,Aftenposten 22. september 1960, s. 14, kolonne 6 Rollag stasjon og Veggli stasjon.Aftenposten 28. februar 1969, «Nye stasjonsmestere» s. 11 Som pensjonist flytte han attende til Nome og Lunde.
Han fekk Rollag kommune sin kulturpris i 1989, Nome kommune sin kulturpris i 2002 og han mottok Målprisen til Buskerud Mållag. I 2004 framførte Sondre Stordalen eit bestillingsverk på festivalen Viser ved kanalen, der han hadde sett musikk til tekstar av Alf Haugland. Verket heitte Vår lokale Alf.
Bøker 1981 – Det er vi som er skyld i inflasjonen – diktsamling 1984 – Røynsle – diktsamling 1985 – Gull og generasjonar – diktsamling 1986 – Villblomar – diktsamling 1987 – No kan vi sjå stjernene – diktsamling 1988 – Gjerdesmett – diktsamling 1988 – Ein seljemjuk sylvsmed frå Helle – limericksamling, gjeven ut under psevdonymet Kal Korsvann 1990 – Novembersol – diktsamling 2002 – Markjordbær – diktsamling 2005 – Kort møte – diktsamling 2007 – Samla dikt og limericks 2013 - Lex Vita - diktsamling
Referansar
Bakgrunnsstoff
Minneord skrive av Even Tråen i Lågendalsposten
Kategori:Bokmålsforfattarar Kategori:Folk frå Nome Kategori:Forfattarar frå Telemark Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1981 Kategori:Nynorskforfattarar