Jakarta (også DKI Jakarta) er hovudstaden og den største byen i Indonesia. Jakarta ligg på nord-vest kysten av Java, har ei landflate på 661,52km2 og eit innbyggjartal på 10 562 088. Byen er økonomisk, kulturelt og politisk sentrum for Indonesia, den største byen i Søraust-Asia og den tolvte største byen i verda. Storbyområdet, kalla Jabodetabek, er det sjette største i verda. Byen har tidlegare heitt Sunda Kelapa (397–1527), Jayakarta (1527–1619), Batavia (1619–1942) og Djakarta (1942–1972).
Etter tuftinga på 300-talet, vart Jakarta ein viktig hamne- og handelsby for Sunda-kongedømet. Som Batavia voks den seg stor som hovudstaden for Nederlandsk Austindia. Byen fekk namnet Jakarta i 1942 under den japanske okkupasjonen av Java, og vart hovudstaden i Indonesia då landet vart sjølvstendig etter Den andre verdskrigen.
Viktige landemerke i Jakarta er mellom anna Den indonesiske børsen, Indonesias Bank, og Nasjonalmonumentet (Tugu Monas). Byen er sete for ASEAN-sekretariatet. Han har to internasjonale flyplassar, Soekarno-Hatta og Halim Perdanakusuma, og hamna Tanjung Priok. Byen har fleire intercity- og pendlar-toglinjer og fleire bussruter som fer på særskilte bussvegar.
Geografi Jakarta ligg på nordvestkysten av Java, ved munningen av Ciliwungelva i Jakarta-bukta, som er eit inntak frå Javasjøen. Den nordlege delen av Jakarta ligg på sletteland, om lag åtte meter over havet. Dette bidreg til jamleg flaum. Dei sørlege delane av byen er prega av åsar. Det er om lag tretten elvar som flyt gjennom Jakarta, der stordelen flyt frå åslandskapet i den sørlege delen nordover mot Javasjøen. Den viktigaste elva er Ciliwungelva som delar byen i vestlege og austlege administrative område. Byen grensar mot provinsen Vest-Java i aust og provinsen Banten i vest.
Dei tusen øyane, som administrativt er del av Jakarta, ligg i Jakartabukta nord for byen.
Klima
Jakarta har eit varmt og fuktig ekvatorialt/tropisk klima (Af) etter Köppen si klimaklassifisering. Plasseringa i den vestlege delen av Indonesia gjer at toppen av regntida er i Januar, med eit gjennomsnittleg nedbør på 350 mm, og tørketida sitt botnpunkt er i august med eit månadleg gjennomsnitt på 60 mm. Byen er fuktig gjennom året med daglege temperaturar mellom 25° og 38 °C.
Soge
mini|Det tidlegare Stadhuis i Batavia, setet til Generalguvernøren av VOC. Bygningen vert no nytta som Jakarta historiske museum i gamlebyen.
Det gamle namnet på Jakarta var Sunda Kelapa. Den første nedteikninga som gjer dette området som ein hovudstad kan sporast til det indianiserte kongedømet Tarumanagara så tidleg som 300-talet. I år 39 skipa kong Purnawarman Sunda Pura som ein ny hovudstad for kongedømet, liggjande på nordkysten av Java. Purnawarman let sju minnesteinar med innskriberingar med hans namn spreidd ut over området, inkludert noverande Banten og Vest-Java provinsane. Tugu innskrifta er rekna for å vere den eldste av dei.
Etter at makta til Tarumanagara vart svekka, blei alle av dei mange territoria, under dei Sunda Pura, del av Sunda-kongedømet. Hamneområdet vart gjeve nytt namn som Sunda Kelapa etter det som er skrive i ein hindumunk sine palmebladmanuskript, som no er å finn i Bodleian-biblioteket ved Oxford-universitetet i England, og reisenotatar frå prins Bujangga Manik. Innan 1300-talet var Sunda Kelapa blitt ei viktig handelshamn for kongedømet. Den første europeiske flåten; fire portugisiske skip frå Malacca, kom fram i 1513, då portugisarane var på jakt etter ei rute for å transportere krydder, særleg svart pepar.
Sunda-kongedømet gjekk inn i ein fredsavtale med Portugal, gjennom å gje portugisarane løyve til å byggje ei hamn i 1522 for å skydde mot den aukande makta til Sultanatet av Demak frå sentral-Java. I 1527 gjekk Fatahillah, ein sumatra-malaysisk krigar frå Demak, til åtak på Sunda-kongedømet og lykkast i å overta hamna den 22. juni 1527. Etter dette vart Sunda Kelapa omdøypt til Jayakarta, gammaljavanesisk for 'sigershandling' eller 'full siger'. I 1628 og igjen i 1629 prøvde sultanen av Mataram å ta byen frå nederlendarane utan å lukkast.
mini|venstre|Batavia-slottet, sett frå Vestlege Kali Besar av Andries Beeckman om lag 1656–1658. mini|Kart over Batavia frå 1667.
Nederlandske Batavia Gjennom tilhøvet med prins Jayawikarta frå Banten-sultanatet, kom nederlandske skip til Jayakarta i 1596. I 1602 kom dei første farande frå det Britiske austindiske kompaniet, leia av James Lancaster fram til Aceh, og sigla vidare til Banten der dei fekk løyve til å tufte ein handelspost. Staden vart sentrum for britisk handel i Indonesia fram til 1682.
Tydelegvis gjorde Jayawikarta også handelsband med dei engelske handelsfarande, som var i konkurranse med nederlendarane, gjennom å late dei byggje hus på motsett side av dei nederlandske bygningane i 1615. Då tilhøvet mellom prins Jayawikarta og nederlendarane forverra seg, gjekk Jayawikarta sine soldatar til åtak på den nederlandske festninga. Men sjølv med støtte frå femten britiske skip, var ikkje prins Jayakarta sin hær i stand til å nedkjempe nederlendarane, dels grunna den godt tima ankomsten av Jan Pieterszoon Coen (J.P. Coen). Nederlendarane brende det engelske fortet, og tvinga englendarane i retrett til skipa sine. Med denne sigeren vart den nederlandske maktbasen i området konsolidert. I 1619 gav dei Jayawikarta namnet «Batavia».
mini|Batavia om lag 1870.
Handelsmoglegheiter i hovudstaden til den nederlandske kolonien trekte til seg indonesiske og særskilt kinesiske immigrantar. Det aukande talet på immigrantar førte til byrdar for byen. Spenninga auka då kolonistyret prøvde avgrense kinesisk innvandring gjennom deporteringar. Den 9. oktober 1740 vart 5 000 kinesarar massakrerte og dei etterfølgjande åra var kinesiske innbyggjarar flytt til Glodok utanfor bymurane. Byen byrja flytte vidare sørover etterkvart som epidemiane i 1835 og 1870 leidde folk til å flytte langt sør frå hamna. Koningsplein, no Merdekaplassen vart ferdigbygt i 1818, husvereparken Menteng var påbyrja i 1913, og Kebayoran Baru var det siste Nederlandsk-bygte bustadstrøket.
Byen vart gjenoppkalla «Jakarta» av japanarane under deira okkupasjon av Indonesia under den andre verdskrigen. Etter verdskrigen trekte indonesiske republikanarar seg ut av alliert-okkuperte Jakarta under kampen deira for Indonesisk sjølvstende og etablerte hovudstaden deira i Yogyakarta. I 1950, etter at sjølvstende var sikra, vart Jakarta atter ein gong gjort til den nasjonale hovudstaden. Indonesias skipande president, Sukarno, såg føre seg Jakarta som ein stor internasjonal by. Han var pådrivaren bak store stats-finansierte prosjekt formgjeve i openlys nasjonalistisk og modernistisk ariktektur. Prosjekt i Jakarta omfatta mellom anna ein kløver-forma motorveg, ein stor bulevard (Jalan MH Thamrin-Sudirman), monument som Nasjonalmonumentet, store hotell, kjøpesenter, og ei ny parlamentsbygning.
I oktober 1965 var Jakarta staden for eit feilslått kuppforsøk der 6 høgare generalar vart drepne. Kuppforsøke leidde endeleg til at Sukarto fall og byrjinga på Suharto si «Nye ordning». Eit propagandamonument står ved staden der lika av generalane vart dumpa. Jakarta vart i 1966 erklært eit «særskilt hovudstadsområde» (daerah khusus ibukota), og fekk slik status om lag på line med ein stat eller ein provins. Generalløytnant Ali Sadikin tente som Guvernør frå byrjinga av «den Nye Ordninga» på midten av 1960-talet til 1977. Han fornya vegar og bruer, fremja kunstartane, bygte fleire sjukehus og eit stort tal nye skular. Han fjerna også ut slum-busettarar for nye utviklingsprosjekt—nokre til føremon for Suharto-familien—og prøvde å fjerne rickshawar og forby gatehandlarar. Han byrja ta kontroll med migrasjon til byen for å demme overfolkinga og fattigdom. Omfordeling av land, strukturell justering og utanlandsk investering bidrog til ein eigedoms-boom som endra byens ytre framtoning. Boomen slutta med den austasiatiske finanskrisa i 1997/98, noko som gjorde Jakarta til eit sentrum for vald, protestar og politisk manøvrering. Den lengeverande presidenten, Suharto, byrja miste grepet på makta. Spenningane nådde ein topp ved Jakartaopprøra i mai 1998, der fire studentar vart skotne og drepne ved Trisakti universitet av tryggingsstyrkar; fire dagar med opprør og vald følgde, noko som leidde til eit estimert tal på 1 200 tapte liv og 6 000 skadde eller øydelagde bygningar. Suharto trekte seg som president, og Jakarta har heldt fram som eit sentrum for demokratiske endringar i Indonesia. Det har vore fleire bombeåtak i byen, knytt til Jemaah Islamiah, sidan 2000.
Styre
Offisielt er Jakarta ikkje ein by, men ein provins med særskilt stode som hovudstaden i Indonesia. Han vert styrt mykje på same vis som andre indonesiske provinsar. Til dømes har Jakarta ein guvernør (i staden for ein borgarmeister), og er delt opp i fleire under-regionar med deira eigne styresett. Jakarta, som ein provins, er delt opp i fem byar (kota), tidlegare bykommunar, der kvar av dei er leia av ein borgarmeister, og eit regentskap (kabupaten) leia av ein regent. Det første frie valet av ein guvernør av Jakarta vart heldt i august 2007; valet vart vunne av Fauzi Bowo. Guvernørane har tidlegare vorte utpeika av det lokale parlamentet. Valet er del av ei landsomfattande desentraliseringsprosess som opnar for direkte lokalval i fleire område.
mini|Horisont i Jakarta.
Liste over byar i Jakarta:
Sentral-Jakarta (Jakarta Pusat: Folkesetnad 889,448) er det tettast folkesette distriktet og heimen til fleirtalet av skyskraparane i Jakarta. Distriktet er også sete for sentrale styringsorgan, Bank Indonesia, den store Istiqlal-moskeen, det store Grand Indonesia kjøpesenteret og eit stort tal museum. Aust-Jakarta (Jakarta Timur: Folkesetnad 2 391 166) Nord-Jakarta (Jakarta Utara: Folkesetnad 1 445 623) Sør-Jakarta (Jakarta Selatan: Folkesetnad 2 001 353) Vest-Jakarta (Jakarta Barat: Folkesetnad 2 093 013)
Det einaste regentskapet i Jakarta er:
Dei tusen øyane (Kepulauan Seribu, folkesetnad 18 644), tidlegare eit underdistrikt av Nord-Jakarta.
Kultur mini|Nasjonalmuseet i Indonesia.
Som den økonomiske og politiske hovudstaden i Indonesia tiltrekk Jakarta seg mange utanlandske såvel som innanlandske innvandrarar. Mange av innvandrarane er frå dei andre delane av Java, noko som bidreg til ei blanding av båe dialektar frå javanesisk og sundanesisk, og deira tradisjonelle matrettar og sedvaner.
Eit kallenamn for Jakarta er «Den store durianen».
Betawifolket (Orang Betawi, eller 'Batavia-folket') er eit omgrep som vert nytta om etterkomarane av folka som var busette rundt Batavia og vart kjend som ein stamme frå rundt 1700- til 1800-talet. Betawifolket er i hovudsak etterkomarar frå ulike søraustasiatiske etniske grupper leia eller drege til Batavia for å møte behovet for arbeidskraft, og omfatta folk frå ulike delar av Indonesia.The Betawi - due to their diverse origins - play a major role concerning ethnic and national identity in contemporary Jakarta; see Knörr, Jacqueline: Kreolität und postkoloniale Gesellschaft. Integration und Differenzierung in Jakarta, Campus Verlag: Frankfurt a.M. & New York, 2007, ISBN 978-3-593-38344-6 Språket og kulturen til desse immigrantane er særskilt frå dei sundanesiske eller javanesiske. Språket er meir tufta på ein aust-malaysisk dialekt og styrkja med lånord frå javanesisk, kinesisk og arabisk. No til dags er Jakarta-dialektane laust baserte på Betawi-språket.
Det har også vore eit viktig kinesisk samfunn i Jakarta over fleire hundreår. Offisielt utgjer dei 6 % av folkesetnaden i Jakarta, men dette talet kan vere underrapportert.
Jakarta har fleire kultursenter, som til dømes Senayan-senteret. Ein finn ofte tradisjonell musikk i hotell for dei høgare stendene, mellom anna wayang og gamelan-framsyningar. Som landets største by og hovudstad, har Jakarta lokka mange nasjonale og regionale kløpparar som håpar på å få eit større publikum og fleire høve til å skape landeplager.