Ein vasstunnel er ein tunnel i fjell som kan vera brukt i samband med vassenergi eller vassforsyning til å leia vatn frå eit vassmagasin og til ein mottakar, anten eit kraftverk eller eit leidningsnett for drikkevatn. Det finst over 4000 km vasstunnelar i Noreg, Broch, E. Unlined high pressure tunnels and air cushion surge chambers AITES-ITA 2000 World Tunnel Congress. ISBN 1-919783-11-3 mykje lengre enn den samla lengda av vegtunnelar, 860 km.Vegen og Vi (nr. 1, 2007) Den klårt største mengda av vasstunnelane vert brukte til generering av elektrisk energi.
Vasstunnelar i fjell vart før 1950-talet stort sett berre brukte som lågtrykkstunnelar med overføring frå magasin til ei svingesjakt/-kammer og deretter i røyr (røyrgater) til kraftverket, slik som på Vemork kraftstasjon. Frå 1950-talet vart kraftverka stort sett bygde inne i fjellet, med den tryggleiken og fleksibiliteten det gav. Frå då av er det vanlegast i Noreg at vatnet vert ført i fjell frå inntaket ved magasinet, i ein horisontal lågtrykkstunnel fram til ovanom kraftverket og deretter i ei trykksjakt (ein bratt tunnel), som kan vera fôra med stålrøyr for å hindra friksjonstap, ned til kraftstasjonen med turbinen. For trykkutjamning blir svingesjakt nytta. Ut frå turbinen går vatnet i ein utløpstunnel til utløpet, som oftast i ein innsjø eller i sjøen.
Etter 1960 har ein i Noreg spesialisert seg på å byggja ufôra trykksjakter. Den høgste, trykksjakta til Nyset-Steggje kraftverk, har fallhøgd på 980 m. Den høgste stålfôra trykksjakta i Noreg går til Jostedal kraftverk og fører vatn med eit vasstrykk på 1100 mVs (1,1 MPa).Data from some of the 200 underground power houses in Norway for hydropower production
Sjå òg Akvedukt
Referansar
Kategori:Vassbygging Kategori:Tunnelar