Ultsjisk er eit tungusisk språk som blir snakka av ultsjar frå Khabarovsk aust i Sibir i Russland. Det høyrer til den nanaiiske språkgruppa, og er nært i slekt med nanaiisk og orokisk.
Ultsjisk ligg så nært nanaiisk at ein lenge rekna det som ein nanaiisk dialekt. Under sovjetisk språkpolitikk, då ein utvikla læreverk for mange minoritetsstpråk, fekk ultsjiske ungar undervising frå nanaiiske lærebøker fordi ein gjekk ut frå at språka var like nok, i tillegg til at folkegruppene var små. Seinare brukte ein i alle høve russisk i opplæringa. I dag er russisk utbreidd blant ultsjar, og ultsjisk er rekna som eit truga språk.Ulchis ved traveleastrussia.com
Fonologi Som andre tungusiske språk har ultsjisk vokalharmoni og tydingsskilje mellom lange og korte vokalar. Språket har 8 vokallydar (kvar av dei lang og kort) og 18 konsonantar. Ein har ikkje konsonantkluster i byrjinga eller slutten av ord.The Ulchi language ved Endangered Languages of Indigenous Peoples of Siberia (lingsib.iea.ras.ru)
Skriftsystem Ultsjisk bruker kyrilliske bokstavar. Tabellen under viser det ultsjiske alfabetet. Bokstavane i parentes er ikkje offisielt med i alfabetet, men blir brukte til å skriva språket.
А а (ā) Б б В в Г г Д д Д’ д’ Е е (ē) Ё ё (ё̄) Ж ж З з И и (ӣ) Й й К к Л л М м Н н Н’ н’ Ӈ ӈ О о (ō) П п Р р С с Т т У у (ӯ) Ф ф Х х Ц ц Ч ч Ш ш Щ щ ъ Ы ы ь Э э (э̄) Ю ю (ю̄) Я я (я̄)
Bakgrunnsstoff OLAC resources in and about the Ulch language ved language-archives.org The Ulchi language ved Endangered Languages of Indigenous Peoples of Siberia (lingsib.iea.ras.ru)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ultsjisk» frå , og «Ulch language» frå den 30. mars 2012.
Kategori:Tungusiske språk Kategori:Språk i Russland Kategori:Einskildspråk