Madagaskar, offisielt Republikken Madagaskar, er ein øystat som ligg aust for det afrikanske fastlandet i Indiahavet. Øya er den fjerde største i verda, og hyser rundt fem prosent av plante- og dyreartane i verda. 80 % av dei finst berre på Madagaskar.

Folk frå Madagaskar blir kalla madagassarar eller gassarar. Språket, som blir kalla madagassisk eller gassisk, høyrer til den austonesiske språkfamilien. Ein trudde lenge at øya blei folkesett av austronesiske innvandrarar frå Borneo i noverande Indonesia i dei fyrste hundreåra etter Kristi fødsel. Nyare forsking har vist at Madagaskar truleg blei art folkesett alt for 10 500 år sidan.

Frå 1896 til 1960 var landet ein fransk koloni. Tida etter sjølvstende har vore politisk ustabil, med fleire udemokratiske maktskifte.

mini|venstre|Kart over Madagaskar

Geografi mini|venstre|Topografien til Madagaskar. Kartet til venstre viser vegetasjonen i landet, medan karten til høgre viser høgdeskilnadane. mini|Tsingy de Bemaraha naturreservat Madagaskar kan naturleg delast inn i fem geografiske regionar: Austkysten, Tsaratanana-massivet i nord, det sentrale høglandet, vestkysten og dei sørvestlege områda.

Det er to årstider på Madagaskar, ein varm og regnfull periode som varer frå november til april, medan ein kjølegare og tørr periode varer frå mai til oktober. Vindane kjem stort sett frå søraust, og syklonar kan opptre av og til.

Det er ingen aktive vulkanar på øya, men fleire stadar finst det varmekjelder.

Natur mini|Ein baobab-allé ved Morondava. Den lange isoleringa til Madagaskar frå kontinenta rundt gjer at det har oppstått eit unikt biologisk mangfald her. Mange av dyra og plantane i landet finst ingen andre stader i verda. Nokre økologar kallar derfor Madagaskar for «det åttande kontinentet», sjølv om eit eigentleg kontinent blir ert definert ved at det har sitt eige innanlandsklima.

Om ein ser bort frå flaggermus, som kom dit luftvegen, og havlevande pattedyr, levde det opphavleg berre fire pattedyrordenar på øya; primatar, gnagarar, insekt (tenrekar) og rovpattedyr. Av krypdyr finst det mange arter av kameleon, daggekkoar og dei godt kamuflerte bladhalegekkoane. Øya har dessutan eit svært rikt fugleliv. I si tid levde den største fugla i verda, titanelefantfuglen (Vorombe titan), her. I snitt vog han kring 640 kg, men han kunne truleg vega opp mot 860 kg.Hansford, J. P., & Turvey, S. T. (2018). Unexpected diversity within the extinct elephant birds (Aves: Aepyornithidae) and a new identity for the world's largest bird. Royal Society open science, 5(9), 181295. DOI: https://doi.org/10.1098/rsos.181295

Omtrent 150 000 av artane som lever på Madagaskar, eller 80 %, finst berre på øya.   Sjølv om Madagaskar er ein del av Afrika, er dei fleste artene på øya nært i slekt med artar i Sør-Amerika og øyane i det sørlege Stillehavet. Avskoging har blitt eit større problem dei siste åra, og mange av artane på øya er no truga.

Den austlege kysten Den austlege kysten består av ei 50 kilometer brei stripe med lågland og er svært frodig i høve til resten av landet. Kystlinja her er for det meste heilt rett, bortsett frå ei naturleg hamn i nord. Innover i landet er det bratte fjell som grensar mot høglandet i dei sentrale områda.

Klimaet er subtropisk, og vindane frå Indiahavet i aust gjev mykje regn. I dette området er det omtrent 3500 mm nedbør i året. 

Tsaratanana-massivet Tsaratanana-massivet i nord har mange høge fjell p¨å over 2000 meter. Det høgaste fjellet i massivet er 2876 meter høgt. Kystlinja her er svært oppriven, i motsetnad til den rette kystlinja langs den austlege kysten. Tsaratanana-massivet er dessutan eit relativt tørt område.

Det sentrale høglandet Høylandet strekkjer seg frå Tsaratanana-massivet i nord til Ivokoany-massivet i sør. I aust deler dei stupbratte fjella høglandet med austkysten. Frå dei austlege delane av høglandet er det svak «nedoverbakke» heile vegen ned til den vestlege kysten. Om ein ser øya frå sør eller nord, ser det derfor ut som om ho er skråstilt.

Området ligg omtrent 800 til 1800 meter over havet. Topografien her er variert. Det er både runde og eroderte fjell, store granittberg, slokna vulkanar og vidstrekte platå i regionen.

Hovudstaden Antananarivo, som ligg midt i landet, får omtrent halvparten av dei gjennomsnittlege 1,4 meterane med regn i regnsesongen. Sjølv om det sjeldan finst frost og rim i Antananarivo, er det vanlegare i høgare delar av høglandet i tørkeperioden.

Madagaskar er blitt kalla «Den raude øya». Grunnen består av lateritt, som gjer jorda raud på grunn av høgt innhald av jern og aluminium. Det er spesielt grunnen i høglandet som inneheld mykje lateritt.

Den vestlege kysten Den vestlege kysten er svært ujamn, i motsetnad til den austlege kysten. Han er samansett av mange lag som er blitt vorte danna over lengre tid. Den ujamne kystlinja gjer at det finst mange naturlege bukter her som har verna områda mot syklonar og hardt vêr. Djupe bukter og verna hamner har i hundrevis av år vore ein stad med utforskarar, handelsmenn og sjørøvarar frå Europa, Afrika og Midtausten. Området har difor vore eit viktig knyttepunkt mellom Madagaskar og omverda.

Sjølv om vestkysten er relativt tørr, er det store delar ein meiner kan bli til gode jordbruksområda. Men desse områda er tynt folkesette, og mykje er uutforska.

Dei sørvestlege områda Dei sørvestlege områda består av høge fjell, likt dei nordlege områda. I aust ligg Ivakoany-massivet og i nord ligg Isala Roiniforme-massivet. Det er to hovudområde her; Mahafaly-platået og ørkenområdet. I ørkenområdet held Antandroy-folket til.

Heile sørvest består av halvørken, med omtrent 330 mm nedbør i året, og er dermed tørrare enn både den vestlege kysten og det sentrale høglandet.  Dei tørraste områda på Madagaskar ligg faktisk på den sørlegaste delen av øya.

Klima Madagaskar heller oppover mot aust til ei skogkledd fjellrekkje som går frå sør til nord på øya. Den søraustlege passatvinden blir lyft oppover denne fjellrekkja (orografisk heving), og resultatet er ein nedbørsnormal på 2000–3000 mm (og enkelte stader meir) langs austkysten av øya. Perioden med minst regn i aust er frå september til november, sjølv om ein har regn om lag annankvar dag òg i denne perioden. Seinare på året, medan det er sumar på den sørlege halvkula, vert passatvinden svekt, og vestsida av øya får regn- og torebyer bortimot dagleg.

Madagaskar har lægre temperaturar enn dei fleste andre tropiske øyar, hovudsakleg på grunn av det høge terrenget. I juli kan temperaturane gå under 10 °C i områda høgare enn 1200 m. Desse områda ligg so høgt at dei får ein turr vestleg vind som blæs i høgda over den søraustlege passatvinden. Tropiske syklonar kan treffe Madagaskar, og særleg austkysten, kvart år og føre til store flaumar. Flaum er derimot ei lite sannsynleg hending på sørvestkysten som ligg i regnskugge. Desse områda får mindre enn 400 mm i året.

Historie Republikken Madagaskar har ei blanding av aust-afrikansk (hovudsakleg bantu), asiatisk og polynesisk kultur. Medan gassisk er eit austronesisk språk med sterkt slektskap til maanjanspråket frå Borneo, viser DNA-studium at innbyggjarane på øya har delvis afrikansk, delvis indonesisk opphav, med noko arabisk innblanding.

Den nedskrivne gassiske historia tek til på 600-talet, då arabiske kjøpmenn skipa stasjonar langs den nordvestre kysten.

Dei fyrste menneska Det har tradisjonelt vorte anteke at Madagaskar fyrst blei folkesett for rundt 2 500-4 000 år sidan, men nyare forsking har vista at det må ha hendt alt for rundt 10 500 år sidan.blant Det er funne modifiserte beinrestar etter elefantfuglar i slektene Aepyornis og Mullerornis, som viser hoggmerke, kuttmerke og depresjonsbrot etter døden som stemmar med immobilisering og deling. Bevisa for menneskeskapt perimortem-modifisering av direkte daterte bein representerer den tidlegaste indikasjonen på menneske på Madagaskar, og predaterer alle andre arkeologiske og genetiske bevis med >6 000 år. Dei endrar fullstendig forståinga av historia til menneskeleg busetjing av Madagaskar.Hansford, J., Wright, P. C., Rasoamiaramanana, A., Pérez, V. R., Godfrey, L. R., Errickson, D., ... & Turvey, S. T. (2018). Early Holocene human presence in Madagascar evidenced by exploitation of avian megafauna. Science Advances, 4(9), eaat6925. DOI: https://doi.org/10.1126/sciadv.aat6925

Den andre innvandringa Det finst beretningar frå arabiske skipparar som fortel om sjøfolk frå Waqwaq rundt 945 e.Kr..Det blir nemnt Waqwaq-øyar både i aust og vest. Det er sannsynleg at Waq-waq refererer til både Indonesia og Madagaskar. Forteljingane viser at indonesiske sjøfararar segla langs kysten av India til Arabia og deretter sørover langs kysten av Aust-Afrika. Dei kan ha brukt store kanoar med utriggarar. Relieff på tempelveggar i Borobudur på Java frå 760 e.Kr. viser store skip med to skip og segl. Fleire forskarar meiner at øya var folketom då dei fyrste indonesarane kom til øya. Men sjøfolk hadde kontakt med både afrikanarar og arabarar. Blodprøver og DNA-analyser viser at kystbefolkninga som oftast har meir afrikanske innslett enn innlandsbefolkninga. Dei eldste spora etter menneske som arkeologane hittil har avdekka ved kysten, er datert til ca. 400 e.Kr. I innlandet går dateringar tilbake til 1000-talet. Men innvandrarane kan ha vore der tidlegare. Det er òg mogleg at bantufolk hadde vore der før indonesarane, men dette finst det tvil ved fordi dei hadde dårlegare fartøy. Det finst likevel bantufolk på Komorane i nærleiken.

Mange kongedøme Etter kvart organiserte innflyttarane seg i landsbyar. Desse blei leia av småkongar som ofte var i strid med kvarandre. Difor blei landsbyane lagt på toppar i landskapet for lettare å forsvara dei. Folk levde av jordbruk og kvegdrift. Frå Afrika, blei det henta zebukveg, geiter, sauar og fjørkre. Desse har afrikanske namn. Kunsten å dyrka ris hadde folka med seg frå Indonesia. Madagaskar eigna seg godt både for dyrking av tørrlandsris og dyrking av ris i terrassar. Smedkunsten var også kjend, så dei smidde øksar og knivar. Frå 1100-talet av verker den arabiske påverknaden på politikk, religion og handelsverknad å bli meir tydeleg. Handelen på austafrikakysten blei overteken av arabarane, og utflyttarane mista kontakten med Indonesia. Komorane og nokre handelsstasjonar på austkysten var viktige basar for muslimsk påverknad. Astrologi og spådomskunst er påverka av arabisk tankegang, noko som viser seg i namn på dagar, månader og stjerner.

Det mest kjende kongedømet langs kysten var Sakalava-kongedømet i Menabe, som hadde hovudsete i det som i dag er byen Morondava. Det var òg Sakalava-kongedømet i Boina, som hadde hovudstad i dagens Mahajanga (Majunga) og i Toliara (Tulear). I innlandet var dei største kongedøma Betsileo, med sentrum i Fianarantsoa, og Merina med hovudstaden Antananarivo.

Europearane kjem venstre|mini|Kart over Madagaskar frå 1890. 15. august 1500 oppdaga portugisaren Diogo Dias (Diego Dias) øya for europearane, og gavhenne namnet St. Laurentius-øya etter helgenen for denne dagen. Øya blei etter kvart ein mellomstasjon på vegen til India. Portugisarane starta katolsk misjon med lite hell, og forfølgde maurarane (muslimane). Etter kvart kom òg engelske, nederlandske, dansk-norske og franske sjøfararar til. I 1642 prøvde franskmennene freista å etablera ein koloni i Fort-Dauphin (dagens Tôlanaro), oppkalla til ære for kronprinsen, den seinare Ludvig XIV. Dei lykkast betre med øya Sainte Marie i 1750. Madagaskar låg midt i skipsleia for Indiafarten, og var ein ynda opphaldsstad for piratar frå 1685 til 1725. Det er truleg at norske piratar var dei første nordmenn på Madagaskar. (I British Museum finst eit kart underteikna av ein Seth Lofthus.)