Ön, tidlegare kalla Öhn, er ei øy i Ume älv i Umeå kommun i Sverige. Det budde kring 280 menneske på øya i 2005.

Geografi Ön ligg i Ume älv sentralt i Umeå. Ho er 2,6 km lang, 0,6 km brei og har ei kystlinje som er 5,8 km lang. Delen av Ume älv som ligg sørvest for øya vert kalla Lillån, og den nordaustlege delen vert kalla Storån.

Øya er hovudsakleg dekke av skog og eit delvis tilvekst grøntområde. Det vert sagt at det er 110 fugleartar på øya.

Historie Ei hengebru til øya vart bygd i 1915. Ho vart øydelagd i 1970-åra og ei ny betongbru på vestsida vart bygd på same tid. Den 700 meter lange Kolbäck bru, som går til fastlandet på begge sider av øya, vart bygd mellom 1998 og 2001. Øy har kring 280 innbyggjarar i 2005.

Eit kloakkhandsamingsanlegg vart bygd på øya i 1972. Det har vorte utvida fleire gonger og er det største av 18 handsamingsanlegg i Umeå kommun.

Det pågår fortida planar om å byggje totalt 3600 leilegheiter på øya i løpet av ein 20 års periode.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ön, Umeå» frå , den 7. april 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Fördjupad översiktsplan för Ön antagen (svensk)

Kategori:Øyar i Sverige Kategori:Umeå