Britiske oversjøiske territorium (engelsk British overseas territories; tidlegare kjent som biland eller kronkoloniar) er territorium som er underlagde britisk overhøgleik utan å vera ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland. Desse omfattar i dag fjorten territorium med historiske og administrative band til Storbritannia. Britiske oversjøiske territorium må haldast fråskilde frå kroneige, som har eit anna konstitusjonelt tilhøve til Storbritannia, og protektorat, som formelt ikkje var underlagt britisk overhøgleik. Dei må heller ikkje forvekslast med Samvelde-kongerike, som er suverene statar med den britiske monarken som statssjef.

Tidlegare blei kronkoloniar administrert direkte frå tenestemenn utpeikte av den britiske regjeringa. I dag er dei fleste britiske oversjøiske territoria meir eller mindre sjølvstyrte, berre avhengig av Storbritannia når det gjeld forsvar, utanrikssaker og handel.

Oversjøiske territorium har aldri vore sett på som del av Storbritannia og har aldri vore representerte i det britiske parlamentet, med den grunngjevinga at dei er separate jurisdiksjonar. Dronning Elizabeth II er statssjef i dei oversjøiske territoria som dronning av Storbritannia, ikkje som dronning av kvart territorium. Dette til skilnad frå Samvelde-kongerika, som Canada eller Australia, der dronninga har ei uttrykkjeleg rolle i kvart kongerike som «dronning av Canada» eller «dronning av Australia».

Monarken utnemner ein guvernør for kvart territorium som handlar på vegner av han eller henne og er ansvarleg for den indre tryggleiken i territoriet, samt opptrer som ein delegat mellom territoriet og den britiske regjeringa. Guvernøren har makt til å oppløysa den lovgjevande forsamlinga i territoriet og må sanksjonera alle nye lover. Guvernøren er vanlegvis frå Storbritannia.

Nåverande oversjøiske territorium Flagg Våpen Namn på territoriet Plassering Motto Areal Folketal Hovudstad 50px|Flagget til Anguilla 50px|Anguilla sitt våpen Anguilla Karibia Strength and Endurance (‘Styrke og uthald’) 102 km²(39.4 sq mi) 12,800 The Valley 50px|Flagget til Bermuda 50px|Våpenet til Bermuda Bermuda Atlanterhavet Quo fata ferunt (‘Om skjebnen tek vare på [oss]’) 53,3 km² 64 482 Hamilton 48px|border|Flagget til Britisk Antarktis 50px|Våpenet til Britisk Antarktis Britisk Antarktis Antarktis Research and discovery (‘Forsking og oppdaging’) 1,709,400 km² 200 (mannskap) Rothera forskningsstasjon (hovudbase) 50px|Flagget til Det britiske territoriet i Indiahavet Det britiske territoriet i Indiahavet Indiahavet In tutela nostra Limuria (‘Limuria er vårt ansvar’) 60 km² 3 200 militære og anna mannskap Diego Garcia (base) 50px|Flagget til Dei britiske jomfruøyane 50px|Våpenet til Dei britiske jomfruøyane Dei britiske jomfruøyane Karibia Vigilate (‘Ver på vakt’) 153 km² 21 730 Road Town 50px|Våpenet til Caymanøyane Caymanøyane Karibia He hath founded it upon the seas (‘Han hev grunnlagt det på hava’) 260 km² 46 600 George Town 50px|Flagget til Falklandsøyane 50px|Våpenet til Falklandsøyane Falklandsøyane Sør-Atlanteren Desire the right (‘Trø etter det rette’) 12 173 km² 2 967 Stanley 48px|border|Flagget til Gibraltar 50px|Våpenet til Gibraltar Gibraltar Sør-Europa Nulli expugnabilis hosti (‘Uovervinneleg for fiendar’) 6.5 km² 27 776 Gibraltar 50px|Flagget til Montserrat 50px|Våpenet til Montserrat Montserrat Karibia Each Endeavouring, All Achieving (‘Kvar ein strebar, alle utretter’) 102 km² 9 000 Plymouth (forlaten på grunn av vulkanutbrot — de facto-hovudstad er Brades) 50px|Flagget til Pitcairnøyane 50px|Våpenet til Pitcairnøyane Pitcairnøyane Stillehavet Ukjent (moglegvis Come, ye blessed då dette er namnet på nasjonalsongen (‘Kom, de signa’) 43 km²(alle øyene) 67 Adamstown 50px|Flagget til St. Helena 50px|Våpenet til St. Helena Saint Helena, (Ascension, Tristan da Cunha) Søratlanteren Loyal and unshakeable (‘Lojal og urokkeleg’) 410 km²(alle øyane) 6 563 Jamestown 50px|Flagget til Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane 50px|Våpenet tilSør-Georgia og Sør-Sandwichøyane Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane Søratlanteren Leo terram propriam protegat (‘La løva verna om sitt eige land’) 3 903 km² 11-26 (mannskap) King Edward Point/Grytviken 50px|Det britiske flagget 50px|Det britiske våpenet Dei suverene baseområda Akrotiri and Dhekelia Middelhavet (på Kypros) Dieu et mon droit (fransk: «Gud og min rett») 254 km² 15 000 (nesten halvparten er britisk mannskap og militære) Episkopi Cantonment 50px|Flagget til Turks- og Caicosøyane Turks- og Caicosøyane Karibia One people, one nation, one destiny (‘Eitt folk, éin nasjon, éin skjebne’) 430 km² 21 500 Cockburn Town

Kjelder

Denne artikkelen er omsett frå «Britisk oversjøisk territorium» frå , den 9. april 2012.

Kategori:Undernasjonale område