Balsfjord mållag er er eit lokallag i Noregs Mållag og eit av laga i Troms og Finnmark mållag.

Laget blei skipa 11. juni 1977,Nye Troms, laurdag 11. juni 1977 (annonse) og tysdag 14. juni 1977 (reportasje) men laget var berre i aktivt arbeid eit par år.

Laget blei oppattskipa 16. november 1991.Tromsø, fredag 22. november 1991 : Nytt mållag i BalsfjordNye Troms, torsdag 21. november 1991: Nytt mållag i Balsfjord

Det var 20 medlemmar i laget i 2024. I 2024 var Ingrid Russøy leiar.

Lagsarbeid Balsfjord mållag har i fleire år arrangert diktkonkurranse for elevar i skolane i Balsfjord.Nye Troms, lørdag 24. april 1993Nye Troms, tirsdag 23. april 2002

Mållaget har sia 1995 arrangert ein årleg kulturkveld om hausten, ofte med forfattarbesøk.Nye Troms, lørdag 26. oktober 1996Nye Troms, torsdag 13. november 1997Nye Troms, tirsdag 10. november 1998

I 2017 markerte laget 40-årsjubileet sitt.Språk i nord (blogg):Balsfjord Mållag 40 årNye Troms, tirsdag 24. oktober 2017

Nynorsk i skolen I 1984 starta 11 elevar i første klasse med nynorsk som hovudmål ved Storsteinnes skole.Norsk tidend, 1993 Nr. 3: Nynorskpionerar i Balsfjord Nye parallellklassar starta i 1987, 1988, 1989, og 2003. I alt har det vore seks nynorskklassar ved Storsteinnes skole. Den første klassen hadde nynorsk i alle ni skoleåra. Dei andre klassane hadde nynorsk gjennom heile barneskolen, men det er uvisst om nokon av elevane heldt fram med nynorsk i ungdomsskolen.Opplysningar i brev frå Balsfjord mållag, Ingrid Russøy

Leiarar 1977-: Rolf Einar EngstadNye Troms, tysdag 14. juni 1977 1991-2002: Kjell-Arnt LabuktNordlys, torsdag 21. november 1991: Nytt mållag i BalsfjordNye Troms, torsdag 15. april 1993Balsfjord mållag: Årsmelding 1996Nye Troms, lørdag 11. november 2000Årsmelding 2000, 2001, NM-arkivet 2003-d.d: Ingrid RussøyÅrsmelding 2003, NM-arkivet

Kjelder

Bakgrunnsstoff Aviser, tidsskrift og bøker på Nasjonalbibioteket, søkeord Balsfjord mållag Balsfjord Mållag 40 år. Språk i nord (blogg):Balsfjord mållag 40 år

Kategori:Nordnorske mållag Kategori:Nynorsk i Nord-Noreg Kategori:Balsfjord kommune Kategori:Skipingar i 1977