Gris-Gris er debutalbumet til Dr. John (Mac Rebennack). Det vart produsert av Harold Battiste og gjeve ut på Atco Records i 1968. Musikkstilen på albumet er ei blanding av New Orleans-rhythm and blues og psykedelisk rock. Trass i New Orleans-stilen, vart albumet spelt inn i California med fleire musikarar frå New Orleans.

Gris-Gris nådde ikkje salslistene då det kom ut, men har sidan fått mykje god kritikk av moderne kritikarar. Mellom anna er det plasser på 143. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene.

Produksjon Før innspelinga av albumet, var Rebennack ein erfaren New Orleans-R&B- og rockemusikar som spelte som studiomusikar, låtskrivar og produsent i New Orleans. På grunn av problem med lova og dop, flytte Rebennack til Los Angeles i 1965, der han slo seg saman med ei gruppe studiomusikarar frå New Orleans. Rebennack levde av å spele på forskjellige pop- og rockeinnspelingar, ofte i lag med arrangøren Harold Battiste.

Rebennack ønskte å lage eit album som kombinerte forskjellige delar av New Orleans-musikk og kalla seg Dr. John, etter ein svart mann kalla Dr. John Montaine, som hevda å vere ein afrikansk potentat. Rebennack ønskte opphavleg New Orleans-songaren Ronnie Barron til å fronte bandet som Dr. John, men Don Costa, som var manager for Barron på denne tida, tilrådde han til å ikkje gjere dette. Rebennack tok då sjølv scenenamnet Dr. John.

Gris-Gris vart spelt inn i Gold Star Studios i Los Angeles i California. Med eit album klar for innspeling, men ingen førebudde songar, bestilte Dr. John studiotid, som opphavleg var reservert for Sonny & Cher.

Utgjeving og mottaking Gris-Gris kom ut i 1968 på Atco Records, ein etikett på Atlantic Records. Atlantic-sjef Ahmet Ertegun var motvillig til å gje ut albumet og sa: «Korleis kan me marknadsføre denne boogaloo-skiten?». Gris-Gris gjekk ikkje inn på salslistene. I nyare tid har albumet fått særs god kritikk og vart i 2003 rangert som det 143. beste albumet gjennom tidene av Rolling Stone.

Innhald

Medverkande Harold Battiste - arrangør, produsent, bass, klarinett, perkusjon Dr. John - tangentinstrument, gitar, perkusjon, vokal Richard 'Didimus' Washington - gitar, mandolin, perkusjon Plas Johnson - saksofon Lonnie Boulden - fløyte Steve Mann - gitar, banjo Ernest McLean - gitar, mandolin Bob Frasier, Bob West - bass Mo Pedido - conga John Boudreaux - trommer Dave Dixon, Jessie Hill, Ronnie Barron - korvokal, perkusjon Joni Jonz, Prince Ella Johnson, Shirley Goodman, Sonny Ray Durden, Tami Lynn - korvokal

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gris-Gris» frå , den 19. april 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Gris-Gris på Rate Your Music Gris-Gris-tekst av Richie Unterberger

Kategori:Debutalbum frå 1968 Kategori:Dr. John-album Kategori:Psykedeliske rockealbum Kategori:Atco Records-album Kategori:Album spelte inn i Gold Star Studios 143 356