Arnold Weiberg-Aurdal () var ein norsk stortingsrepresentant, bonde, heradsagronom og forfattar frå Sykkylven.
Liv og gjerning Weiberg-Aurdal var fødd i Ålesund, der faren Bastian M Weiberg-Aurdal var privatpraktiserande lege. Oppveksten fekk han Karigarden på Velle i Sykkylven, som faren åtte. Sjølv gjekk han befalsskule og utdanna seg til sivilagronom ved Noregs landbrukshøgskule i 1953, og var sidan heradsagronom i både Stranda og Sykkylven.
Weiberg-Aurdal var stortingsrepresentant for Senterpartiet frå 1969 til 1985. I alle år på Tinget var han medlem av samferdslekomiteen, formann frå 1973 til 1981. Den siste fireårsperioden på Stortinget var han også medlem av den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen.
Weiberg-Aurdal var med i kommunestyret i Sykkylven i årevis, ordførar i åtte år. Han var også medlem av fylkestinget i Møre og Romsdal, og var elles med i ei rekkje styre og utval, såvel kommunale, statlege og private.
Som forfattar har han skrive ei rad med bøker, slektshistorier og jubileumsskrift.
Arnold Weiberg-Aurdal fekk tildelt Kongens fortenestmedalje i gull i 2003.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Ordførarar i Sykkylven Kategori:Sp-ordførarar i Møre og Romsdal Kategori:Stortingsrepresentantar 1969-1973 Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Stortingsrepresentantar 1977-1981 Kategori:Stortingsrepresentantar 1981-1985 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Sp Kategori:Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal Kategori:Studentar ved Noregs landbrukshøgskule Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Norske forfattarar Kategori:Folk frå Ålesund Kategori:Folk frå Sykkylven