miniatyr| Hensonhestar i sitt rette element Hensonhest eller henson er ein fransk hesterase som er avla fram ved å krysse fjording med ulike varmblodshestar. Raseskildring Hensonhesten er blakk og mankehøgda ligg mellom 150 cm og 160 cm. Hesten ber tydeleg preg av å stamme frå fjordingen.

Historie Arbeidet med hensonhesten tok til på 1970-talet, då fjordhest vart kryssa med andre rasar for å få fram ein allsidig og nøysom fritidsridehest med evne til å leve utandørs heile året. Mellom anna vart den franske rasen angloarabar brukt i avlsarbeidet. Hensonhesten er den nyaste av dei franske hesterasane, og vart godkjent av franske styresmakter som eiga rase i 2003.

Førekomst Kjerneområdet til hensonhesten er ved Somme-bukta i Frankrike. Flokkar med hestar går ute året rundt.

Bruk Hensonhesten er mykje brukt til turriding og andre former for fritidsriding. Bakgrunnsstoff Nettsida til Espaces Equestres Henson Nettsida til det franske hensonforbundet Delar av denne artikkelen bygger på «Henson» frå , den 25. april 2012.

Kategori:Hesterasar Kategori:Franske husdyr