mini|upright=1.5|Omslaget til Orpheu nr. 1, 1915. Design José Pacheco. Mário de Sá-Carneiro () var ein portugisisk poet og prosaforfattar som i lag med Fernando Pessoa vert rekna som grunnleggar av den litterære modernistrørsla i Portugal.
Liv og virke Mário de Sá-Carneiro var fødd i Lisboa. Faren var ingeniør, mora døydde då han var to år gamal og Sá-Carneiro voks opp hos besteforeldra.
Sá-Carneiro byrja å skrive dikt som tolvåring og hadde innan han fylte 17 år omsett fleire verk av Victor Hugo, Johann Wolfgang von Goethe og Friedrich Schiller. I 1910 gav han ut teaterstykket Amizade («Venskap») i lag med skolekameraten Tomas Cabreira Junior. Sá-Carneiro oppheldt seg i Paris i fleire periodar, først i 1912, så hovudsakleg i 1914, og 1915 til 1916. Formålet var å studere rettsvitskap, men han kom aldri gjennom første studieår.
I 1913 vart Sá-Carneiro kjend med Fernando Pessoa som introduserte han for det modernistiske miljøet i Lisboa.a I lag med José de Almada Negreiros gav Pessoa og Sá-Carneiro ut litteraturtidsskriftet Orpheu (1915). Bladet, som hovudsakleg var finansiert av faren til Sá-Carneiro, kom berre i to nummer. Faren nekta å finansiere eit tredje nummer som var under arbeid. Bladet skapte stor skandale med sin futuristiske idealisme, men idag vert Orpheu rekna som eit av dei finaste og mest betydelege døma på portugisisk litteratur.
Sá-Carneiro levde eit ustadig bohemliv i Paris, han hadde økonomiske problem, krangla med faren, var ulukkeleg i kjærleik og tok tilslutt sitt eige liv på Hôtel de Nice på Montmartre.
Det mest kjende verket til Sá-Carneiro er romanen A Confissão de Lúcio («Skriftemålet til Lúcio»), eit komplekst relasjonsdrama mellom ei kvinne og to dekadente diktarar under det parisiske fin de siècle. Boka tematiserer erfaringsgrunnlaget til Sá-Carneiro og ei leiting etter å finne sin eigen identitet; dette var problem som han tumla med heile livet.
Tematisk krinsar verka til Sá-Carneiro ein god del om døden og er merkt av ein viss dødslengt.
Mário de Sá-Carneiro står i skuggen av Fernando Pessoa, men fekk stor påverknad på generasjonen portugisiske diktarar som følgde etter. Dei samla verka hans kom ut posthumt i 1946.
Verk i utval Amizade («Venskap»), 1910, teaterstykke Princípio («Byrjing»), 1912, forteljingar O homem de Sonhos («Mannen som drøymde») og O Fixador de Instantes («Frysing av augneblenken»), 1913, forteljingar som kom ut i A Águia A Alma («Sjela»), 1913, teaterstykke Dispersão («Oppløysing»), 1914, lyrikk A Confissão de Lúcio, 1914, roman Céu em fogo («Himmel i brann»), 1915, 12 forteljingar På norsk: Himmel i brann, eit utval noveller frå Céu em fogo, 81 sider. Folium klassikere (Portugal - 1800-talet). Omsett av Torstein Johnsrud. ISBN 82-7995-006-0 Indícios de Oiro, 1937, lyrikk, posthumt
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mário de Sá-Carneiro» frå , den 6. mai 2012, som oppgir som sine kjelder:
Hauptwerke der spanischen und portugiesischen Literatur, s. 783, ff. Kindlers neues Literaturlexikon, Knauers Lexikon der Weltliteratur, Etterord til romanen Lucios Bekenntnis (Suhrkamp, Frankfurt a.M. 1997, ISBN 3-518-22267-8)
Referansar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Portugisiske forfattarar Kategori:Folk frå Lisboa Kategori:Modernistiske forfattarar