«The Story in Your Eyes» er ein song frå 1971 av det engelske rockebandet The Moody Blues. Han er skriven av gitarist og songar Justin Hayward, og vart først gjeven ut som singel med «My Song» som B-side, og så på albumet Every Good Boy Deserves Favour kort tid etter.
«The Story in Your Eyes» startar med eit elektrisk gitarriff som går igjen gjennom songen, ei drivande, men elegant basslinje, og Justin Hayward på solovokal. Mellotron og korvokal skapar ei stor, svulstig lyd. Dette var den siste singelen til The Moody Blues med mellotron. På SACD-utgåva av albumet finst ein versjon av «The Story in Your Eyes» der mellotronen har ei meir dominerande rolle.
Medverkande Justin Hayward – vokal, akustisk og elektrisk gitar John Lodge – bassgitar, korvokal Mike Pinder – Mellotron, piano, korvokal Ray Thomas – tamburin, korvokal Graeme Edge – trommer, perkusjon
Salslister ÅrListePlassering1971-1972Billboard Hot 10023
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Story in Your Eyes» frå , den 7. mai 2012.
Kategori:The Moody Blues-songar Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Singlar frå 1971 Kategori:Songar skrivne av Justin Hayward