mini|Ny-Hellesund frå Boydell's picturesque scenery of Norway med teikning av Edy mini|venstre|Hovudbygninga ved Moss Jernverk, Konvensjonsgården mini|venstre|Oslo domkyrkje i Oslo. John William Edy ()John William Edy frå Prosjekt Runeberg var ein engelsk kunstmålar og teiknar.
Han arbeidde for forleggjaren John Boydell i London, ofte anonymt.Forord fra Det gamle Norge i billeder og tekst frå Prosjekt Runeberg Sumaren 1800 var Edy i Noreg på oppdrag for Boydell saman med landskapsmålaren William Fearnside. Dei var i Noreg frå 31. juli og til slutten av september same år.
Edy utførte fleire teikningar på reisa, blant anna frå Ny-Hellesund som var plassen reisekameratane kom til fyrst.Jan G. Langfeldt: Kunstneres og forfatteres interesse for Ny-Hellesund Han er også kjend for teikningane sine frå Oslo og Moss. I Moss måla han hovudbygninga på Moss Jernverk, Konvensjonsgården; måleriet heiter «Höyvelbårne B. Ankers Huus i Moss».Höyvel. B. Ankers Huus i Moss frå Digitalt Museum Eit handkolorert koparstikk i fargar finst på Stortinget.Hovedbygningen på Moss jernverk frå Stortinget
Boydells Picturesque Scenerey of Norway kom ut i London i 1820. Historikaren Ole Andreas Øverland gav ut ei norsk utgåve kalla Det gamle Norge i billeder og tekst i 1910. Boka hadde undertittelen Planer til en «malerisk reise gjennom Norge» J. W. Edys tegninger fra aar 1800 og inneheld to plansjar i fargar og dei øvrige er i svart-kvitt.
Referansar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «John William Edy» frå , den 11. mai 2012.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Engelske målarar Kategori:Målarar frå 1700-talet Kategori:Målarar frå 1800-talet