Ernst Stückelberg () var ein sveitsisk målar, ein av dei mest populære i samtida. Mellom dei mest kjende verka hans er freskane i Tellskapellet i Uri og portrettet Jenta med øgla frå 1884.
Liv og gjerning Stückelberg vart fødd inn i ei aristokratisk familie i Basel. Etter faren døydde tidleg, tok ein arkitektonkel ansvar for utdanninga hans. På gymnaset vart Stückelberg undervist i teikning av Hieronymus Hess. Etter avslutta skulegang gjekk han i lære hos portrettmålaren Johann Friedrich Dietler i Bern. År 1850 studerte han ved akademiet i Antwerpen under Gustave Wappers. Frå 1853 studerte han så i tre år ved kunstakademiet i München, der han i 1855 laga eit av sine mest kjende historiemåleri: Melchtal ber heim den blinda faren.
mini|venstre|'Sappfo', 1897 mini|'Den siste riddaren av Hohenrätien', 1883 Åra 1856 til -59 budde og arbeidde Stückelberg i Roma. I 1860 flytta han til Zürich, der han møtte og vart venn med Rudolf Koller, Gottfried Keller, Friedrich Vischer og Conrad Meyer. Frå 1862 budde han i Basel.
Stückelberg kjøpte i 1871 villaen Erismannshof i Basel, der han måla ei mengd freskar. I 1877 vann han konkurransen om å dekorere Tellskapellet ved Urnersee. Kapellet vart innvigd 24. juni 1883 og Stückelberg og vart utnemnd til æresdoktor på universitetet i Zürich. Parallelt med arbeidet på Tellskapellet måla Stückelberg i 1883, på oppdrag frå Peter Conradin von Planta, eit av sine mest kjente verk: Den siste riddaren av Hohenrätien. Etter systera hans døydde i 1890 laga Stückelberg få verk.
Stückelberg viste arbeida sine både på nasjonale og internasjonale utstillingar og mottok fleire prisar og heidersteikn. I 1901, på hans syttiande bursdag, opna ei jubileumsutstilling i Kunsthalle Basel.
Stückelbergs kunst var underlagt ein strengt hierarkisk orden, med sjanger-, portrett - og landskapsmåling i rekkefylgje. Biletkunsten hans vart skildra som ærleg, modig og folkeleg.
Bakgrunnsstoff
Denne artikkelen bygger på «Ernst Stückelberg» frå , den 12. mai 2012.
Kategori:Sveitsiske målarar Kategori:Målarar frå 1800-talet Kategori:Folk frå Basel