Golda Meir (), kjent som Golda Myerson frå 1917–1956) var fjerde statsminister i og ein av grunnleggjarane av Staten Israel.

Liv og virke Meir var fødd Golda Mabovitsj (kyrillisk skrift Голда Мабович) i ein fattig familie i Kyiv, i Det russiske imperiet (noverande Ukraina). Ho hadde to søstrer pluss fem søsken som døydde som barn. Åtte år gamal emigrerte ho i 1906 saman med familien sin til Milwaukee i Wisconsin.

Golda Meir vart gradvis meir involvert i den jødiske sionistiske rørsla. På slutten av den andre verdskrigen, tok ho del i forhandlingane med britane som resulterte i stiftinga av staten Israel. Meir var ein av dei 24 personane som 14. mai 1948 skreiv under på sjølvstendeerklæringa til Israel. Det første israelske passet vart gitt til Golda Meir, og ho kunne reise til USA for å samle inn pengar til den nye staten. Då ho vende tilbake vart ho landets første ambassadør i Sovjetunionen, der ho var i teneste ei kort tid før ho forlet Moskva i 1949. Ho kom attende til Israel i 1949 for å bli minister for arbeidarpartiet.

Merknadar

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Biograf ved The Jewish Virtual Library Profil på nettstaden til Knesset

Kategori:Israelske statsministrar Kategori:Folk frå Kiev