Dansestormsvale, Oceanites gracilis, er ein liten sjøfugl i oseansvalefamilien Oceanitidae. Det finst to underarter, O. g. gracilis, som lever i Humboldtstraumen utanfor Peru og Chile, og O. g. galapagoensis, som finst i farvatna rundt Galápagosøyane.

Dette er ei lita stormsvale, ca. 15 til 16 centimeter, og sotsvart med kvit overgump og kvite flekker eller område på bakre buk og bleike område under vengene.Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8 Ho har lange bein som strekkjer seg bak halen under flyging.

Trass stadige observasjonar av denne arten er han veldig dårleg kjent, berre eitt reir har nokosinne blitt funne. Beitevanane til Galápagos-underarten er uvanleg blant stormsvaler når dei beitar nært land, i motsetnad til alle andre stormsvaleartar som lever utelukkande pelagiske.

Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Elliot's Storm Petrel» frå , den 19. mai 2012 BirdLife International (2012) Species factsheet: Oceanites gracilis . Henta frå http://www.birdlife.org den 19. mai 2012. Referansar

Bakgrunnsstoff Videoar, bilete og lydopptak av dansestormsvale hos Internet Bird Collection

Kategori:oseansvalefamilien