Rupert Alexander Grint () er ein britisk skodespelar, mest kjend for å spele Ronny Wiltersen i Harry Potter-serien.
Rupert Grint voks opp i Hertfordshire i England, som den eldste av fem sysken. Han hadde ikkje noka erfaring som skodespelar før han vart utvald til å vere med i filmen Harry Potter og De vises stein i 2001. Sidan har han spelt i rolla som Ronny Wiltersen i alle åtte Harry Potter-filmane frå 2001 - 2011 saman med Daniel Radcliffe som Harry Potter og Emma Watson som Hermine Grang.
Ved sida av Harry Potter-filmane har Grint spelt i fleire andre spelefilmar, m.a. krigsdramaet Into the White frå 2012.
Filmografi
+ År Filmtittel Rolle Note 2001 Harry Potter og de vises stein Ronny Wiltersen 2002 Harry Potter og Mysteriekammeret Ronny Wiltersen 2002 Thunderpants Alan A. Allen 2004 Harry Potter og Fangen fra Azkaban Ronny Wiltersen 2005 Harry Potter og Ildbegeret Ronny Wiltersen 2006 Driving Lessons Ben Marshall 2007 Harry Potter og Føniksordenen Ronny Wiltersen 2009 Harry Potter og Halvblodsprinsen Ronny Wiltersen 2010 Harry Potter og Dødstalismanene del 1 Ronny Wiltersen 2010 Cherrybomb Malachy McKinney 2010 Wild Target Tony 2010 Come Fly with Me Seg sjølvFiktiv dokumentar komedie TV-serie; ein episode på BBC. 2011 Harry Potter og Dødstalismanene del 2 Ronny Wiltersen 2012 Into the White Gunner Robert Smith 2013 Postman Pat: The Movie - You Know You're The One Josh, boyband-stjerne Stemme 2013The Necessary Death of Charlie Countryman Carl 2013 CBGB Cheetah Chrome Filmer
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Rupert Grint» frå , den 20. mai 2012. Filmografien er henta frå Imdb.com om Grint
Kategori:Folk frå Hertfordshire Kategori:Engelske skodespelarar Kategori:Skodespelarar i Harry Potter