Protea neriifolia, på engelsk oleanderleaf protea, er ei blomsterplante som er endemisk for Sør-Afrika.

mini|venstre|Busk av Protea neriifolia. mini|venstre|Protea neriifolia med raudt blomsterhovud.

Skildring Planten er ein stor busk som kan bli mellom 3 og 5 meter høg. Blomsterhovudet varierer i farge frå rosa til kremgrønn med ein svart kant som gradvis går over til kvitt.

Utbreiing Protea neriifolia finn ein på jordsmonn som er danna frå sandstein i dei sørlege kystfjella i Sør-Afrika, mellom Cape Town og Port Elizabeth. Arten veks på høgder frå havnivå opp til 1300 meter.

Økologi Arten blir pollinert av ulike insekt, mellom dei proteabiller og skarabéar, i tillegg til fuglar som er tiltrekte av insekta og nektaren i blomstrane.

Taksonomi Sjølv om arten vart oppdaga av europearar i 1597 og vart avbilda på ein botanisk illustrasjon i 1605, var det ikkje før i 1810 at planta vart skildra som ein eigen art av botanikaren Robert Brown.

Mellom andre vanlege namn på denne arten er baardsuikerbos, baardsuikerkan og blousuikerkan.

Bakgrunnsstoff PlantZAfrica.com: Protea neriifolia Botanic Gardens Trust: Protea neriifolia

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Protea neriifolia» frå , den 31. mai 2012.

Bakgrunnsstoff

Neriifolia Kategori:Flora i Sør-Afrika