«Strange Kind of Woman» er ein song av det engelske rockebandet Deep Purple som vart gjeven ut som oppfølgjarsingelen til «Black Night» tidleg i 1971. Songen vart òg ein hit og nådde åttandeplassen på den britiske singellista, og vart sidan gjeven ut på den amerikanske og japanske versjonen av albumet Fireball same året. I Europa vart songen erstatta med «Demon's Eye».
B-sida til singelen, «I'm Alone», vart sidan gjeven ut på The Deep Purple Singles A's and B's og på 25-årsjubileumsutgåva av Fireball.
Historie Songen vart opphavleg kalla «Prostitute». Vokalist Ian Gillan introduserte songen på Deep Purple in Concert: «Han handlar om ein ven av oss som hamna i trøbbel med ei særs vond kvinne og det var ei trist soge. Dei gifta seg til slutt. Og nokre dagar seinare, døydde kvinna.» I Wordography skildrar Gillan det heile litt annleis:
Då Deep Purple framførte songen på konsertar spelte Gillan og gitarist Ritchie Blackmore ein gitar-vokal-duell i midten. Denne enda alltid med eit særs langt skrik i høgt toneleie frå Gillan før bandet gjekk attende til den originale songen. Eit døme på dette kan ein høyre på konsertalbumet Made in Japan i 1972.
Under songen «You Don't Remember, I'll Never Forget», på Yngwie Malmsteen's Rising Force-albumet Trial by Fire, gjer Yngwie Malmsteen og Joe Lynn Turner, som erstatta Gillan i Deep Purple på denne tida då dette albumet kom ut, ei hyllest til Gillan og Blackmore ved å nytte ein liknande gitar-vokal-duell i songen etter gitarsoloen.
Andre versjonar Songen vart spelt inn av det serbiske hardrockbandet Cactus Jack på albumet deira Deep Purple Tribute. Songen er òg spelt av psychobillybandet The Lucky Devils på det første albumet deira, Time passes by i 2000.
Medverkande Ian Gillan - vokal Ritchie Blackmore - gitar Roger Glover - bass Jon Lord - orgel Ian Paice - trommer
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Strange Kind of Woman» frå , den 3. juni 2012. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Deep Purple-songar Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Songar skrivne av Ian Gillan Kategori:Songar skrivne av Roger Glover Kategori:Songar skrivne av Ritchie Blackmore Kategori:Songar skrivne av Jon Lord Kategori:Songar skrivne av Ian Paice Kategori:Warner Records-singlar Kategori:Harvest Records-singlar Kategori:Singlar frå 1971 Kategori:Songar om prostituerte