Vegårsheimålet er talemålet i Vegårshei kommune. Det kan likne både på målet som snakkast i Øvre Gjerstad og i Åmli, men au den som snakkast på Holt og på Søndeled.
Kjenneteikn ved Vegårsheimålet I talemålssamanheng kan ein dele Vegårshei i tre delar. Heilt aust i bygda, har dei berre tjukk l, men ikkje skarre-r, sånn som i i Øvrebygda i Gjerstad kommune. Midt i bygda til dømes på Myra, skarrar dei og har tjukk l, som den einaste plassen i Noreg, og i Vestbygda berre skarrar dei utan tjukk l, sånn som i Holt og i Åmli. Vegårsheiingane seier ikkje kort y, men i staden noko som liknar meir på ein ø. Det blir sødd i staden for sydd og bøgd i staden for bygd.
Om det gamle Vegårsheimålet Det gamle målet kan minne ein som ikkje er frå Vegårshei eller Gjerstad om dialektane som snakkast i Vest-Telemark og Setesdal. Det er ikkje med uttalen, men med orda. Før i gamal tid snakka folk på Vegårshei meir likt som i Telemark, men har i dei seinare år vore meir likt Agder. Personlege ord Dei seier e, me, dikkon, han, ho/hinner, dei. Dei seier du, dikkon, hanses, hoses/hinners, deises,
Vegårsheiordlista Hus og heim Innhus - bustad. Innhusa heime Stølpehus - same som stabbur, men at huset står på stolpar Stølpe - stolpe Bestestaua - stua som berre brukast til best Midvælset - stue som ofte ligg mellom bestestaua og eit kammers Loft - soverom oppe. Kjøkkenloft, staueloft, kammersloft Øverloft - øvste lofte i innhuset Nedstaua og Oppstaua - to gardar som er delt og ligg opp etter kvarandre Dønna - Døra Vønnøye eller Vinnøye - vindauge Svåla - gangen Plassen - husmannsplass Tone (eit eldre ord), tona (eit yngre ord) - Tunet Timre - lafta hus Høybu - bua som stod på heiane under heislåtten Bilhus - hus kor bilane stod, garasje Vaskehus - hus ved eit vatn, der kor dei vaska klede eller tørka korn
Arbeid og handarbeid Støllejente - fjøsjente Sté se - feste seg i teneste Gånj - garn Bonning - strikketøy Binne - strikke Speter - strikkepinnar Spetegong - 5 speter i eit Å lête - å farge På lêt - korleis farge Heislåtten - slåtten på heiane Heimeslåtten - slåtten heime Mole kønn - male korn
Små ord, uttrykk og setningar Glegg - Nøye Porv - vrang, vrien Annvint - travelt Radi - lettvint Ravint - rask Ogoskli - forsterka uttrykk (positivt) Ense - røre, ta på. Ein hente gong - ein sjeldan gong. Såmt - ukart, dimt.
Dyr og insekt Avåt - innpåslitne inseekt, som mygg, hestebrems og fluar. Bøyk - Hestebrems/hesteklegg. Bøyketida - tida på sumaren då det er mest klegg og fluar.
Bakgrunnsstoff Det e ogsokli - Blad frå Vegårshei mållag. Magnhild Selås.
Kategori:Vegårshei kommune Kategori:Sørlandske målføre Kategori:Norske målføre