Nobody's Perfect er eit konsertalbum frå 1988 av Deep Purple. Det vart spelt inn under The House of Blue Light-turneen i 1987 i Europa i USA. Albumet nådde 105. plass på Billboard 200 i USA.

Kvar song på albumet vert tona ut. Albumet inneheld òg ein ny studioversjon av «Hush» til minne om 20-årsjubileet. «Black Night» vart òg spelt inn på ny, men ikkje gjeven ut. «Hard Lovin' Woman» inneheldt delar av «Under The Gun» under gitarsoloen til Blackmore. «Strange Kind of Woman» inneheld refrenget frå «Superstar» frå Jesus Christ Superstar. «Woman from Tokyo» glir over i «Everyday» (Buddy Holly) halvvegs gjennom. Albumet representerte setlista til Deep Purple på den tida, som bestod av mykje det same som Made in Japan, i tillegg til nyare songar frå gjenforeiningsalbuma Perfect Strangers og The House of Blue Light. Songar som «The Unwritten Law» og «Difficult To Cure» vart spelt på kvar konsert, men er ikkje med på dette albumet.

Innhald Ritchie Blackmore, Ian Gillan, Roger Glover, Jon Lord og Ian Paice, bortsett frå der andre er nemnde

1999-utgåva

Original CD-versjon

Medverkande Ritchie Blackmore - gitar Ian Gillan - vokal, congatrommer, munnspel Jon Lord - orgel, tangentinstrument Roger Glover - bass Ian Paice - trommer

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nobody's Perfect (Deep Purple album)» frå , den 5. juni 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Doble konsertalbum Kategori:Konsertalbum frå 1988 Kategori:Deep Purple-konsertalbum Kategori:Mercury Records-album Kategori:Polydor Records-album