Peter John Sinfield () er ein engelsk låtskrivar, mest kjend som tekstforfattar og medlem i den første versjonen av King Crimson. Debutalbumet deira In the Court of the Crimson King har vorte rekna som eit av dei viktigaste progrockalbuma gjennom tidene.In his 1997 book Rocking the Classics, critic/musicologist Edward Macan noted that In the Court of the Crimson King "may be the most influential Progressiv rock album ever released". http://www.ulike.net/In_the_Court_of_the_Crimson_King

Som tekstforfattar har Sinfield ein særeigen måte å skrive på med omsyn til korleis orda læt, fylt med surrealistiske bilete, og særskild vekt på vass-bilete og idear som omfattar sjøen. Etter han slutta i King Crimson skreiv han tekstar for Emerson, Lake and Palmer og produserte debutalbumet til Roxy Music. Seinare i karrieren sin skreiv han for popmusikk og var medlåtskrivar på fleire hittar av artistar som Celine Dion, Cher, Cliff Richard, Leo Sayer, Five Star og Bucks Fizz.

Diskografi

In the Court of the Crimson King (1969) - King Crimson – tekstar In the Wake of Poseidon (1970) - King Crimson – tekstar Lizard (1970) - King Crimson – VCS3, tekstar McDonald and Giles (1970) - McDonald and Giles – tekstar

Islands (1971) - King Crimson – tekstar, lydar og visjonar Earthbound (1972) - King Crimson – tekstar

Roxy Music (1972) - Roxy Music – produksjon Still (1973) - Solo - vokal, gitar (12-strengs), synthesizer, gitar (akustisk) Brain Salad Surgery (1973) - ELP - tekstar

Welcome Back My Friends to the Show That Never Ends... Ladies and Gentlemen (1974) - ELP - tekstar

USA (1975) - King Crimson – tekstar

Works Volume I (1977) - ELP - tekstar Works Volume 2 (1977)) - ELP - tekstar Love Beach (1978) - ELP - tekstar

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Peter Sinfield» frå , den 11. juni 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Song Soup On Sea – offisiell nettstad

Kategori:King Crimson-medlemmar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Engelske gitaristar Kategori:Ivor Novello-prisvinnarar Kategori:Musikarar frå London Kategori:Emerson, Lake & Palmer