In the Wake of Poseidon er det andre studioalbumet til progrockgruppa King Crimson. Då albumet kom ut hadde bandet alt gjort endringar i den første besetninga si, men albumet er likevel mykje i same stil som det første albumet, In the Court of the Crimson King. Som på det første albumet skiftar stemninga på albumet ofte frå det rolege til det kaotiske.

Bakgrunn Greg Lake forlet bandet tidleg i 1970, etter at Keith Emerson bad han om å bli med i Emerson, Lake & Palmer. Robert Fripp var då den einaste gjenverande musikaren i bandet og spelte både klaverinstrument i tillegg til gitar. For å kompensere vart Peter Sinfield meir involvert i den kreative prosessen og byrja å utvikle ei interesse for synthesizerar, som vart nytta på dei følgjande platene.

Lake gjekk med på å synge på In the Wake of Poseidon (og fekk PA-utstyret til King Crimson i betaling). Han enda opp med å synge på singelen «Cat Food» og alle utanom eitt vokalspor på albumet. Unntaket var «Cadence and Cascade», som vart sungen av den gamle skulekameraten til Fripp, Gordon Haskell. På eit stadium vurderte bandet å leige inn den då ukjende Elton John til å synge på albumet, men valde å la vere. Andre tidlegare medlemmar spelte òg på albumet, men berre som studiomusikarar. Peter Giles spelte bass og broren Michael Giles spelte trommer. Mel Collins spelte saksofon og fløyte. Ein annan viktig musikar var jazzpianisten Keith Tippett, som spelte ei viktig rolle for stilen til King Crimson på den neste par platene. Tippett fekk tilbod om å verte med i bandet, men ønskte sjølv å berre vere studiomusikar.

25. mars 1970 mima bandet med Fripp, Lake, Tippett, Mike og Peter Giles til singelen «Cat Food» for Top Of The Pops på BBC. Dette var einaste gongen King Crimson spelte på fjernsyn fram til 1981.

Då albumet kom ut hadde ikkje Fripp og Sinfield eit band til å spele songane med. Fripp fekk overtalt Gordon Haskell til å bli med permanent på vokal og bass, og tok inn trommeslagar Andy McCulloch, som tidlegare hadde spelt i Shy Limbs (i lag med Greg Lake, som anbefalte han til Fripp) og Manfred Mann's Earth Band. Mel Collins vart òg teken inn som fulltidsmedlem.

In the Wake of Poseidon fekk god kritikk då det kom ut, men vart kritisert for å vere for likt debutalbumet, og det vart til og med kalla ei etterlikning.

Innhald

40-årsjubileumsutgåva

Medverkande King Crimson Robert Fripp – gitar, Mellotron , celesta , Hohner pianet , apparat, produksjon Peter Sinfield – tekstar, produksjon

Tidlegare King Crimson-medlemmar Michael Giles – trommer Greg Lake – vokal

Framtidige King Crimson-medlemmar Mel Collins – saksofonar , fløyte Gordon Haskell – vokal

Andre medverkande Peter Giles – bassgitar Keith Tippett – piano (3, 6, 7) Tony Page & Robin Thompson - innspeling & lydteknikar

Salslister Liste (1970-1971) Plassering

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «In the Wake of Poseidon» frå , den 12. juni 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:King Crimson-album Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Island Records-album Kategori:Atlantic Records-album Kategori:Vertigo Records-album Kategori:Polydor Records-album Kategori:E.G. Records-album Kategori:Virgin Records-album Kategori:Album produserte av Robert Fripp Kategori:Discipline Global Mobile-album Kategori:Album produserte av Peter Sinfield