Puerto Toro er ein liten fiskarlandsby i Chile aust på Navarino-øya i Eldlandet. Han ligg på 55°05′00″S 067°04′30″W, og er difor rekna for å vera den sørlegaste aktive busetnaden på jorda.
Staden vart grunnlagt i 1892 under gullrushet i Eldlandet. Sidan den tid har folketalet sokke kraftig, men enno i 2002 budde det 36 menneske i Puerto Toro. Administrativt ligg han i provinsen Antártica Chilena i Región de Magallanes y de Antártica Chilena.
Kjelde
Denne artikkelen bygger på «Puerto Toro» frå , den 15. juni 2012.
kategori:Región de Magallanes y de Antártica Chilena kategori:Eldlandet Kategori:Sørlegaste punkt