Övre Rudasjön, nokre gongar berre kalla Övre Rudan, er ein innsjø i Haninge kommun, Stockholms län i landskapet Södermanland i Sverige. Innsjøen inngår i Tyresån-vassdraget, og får tilførsel frå Nedre Rudasjön og Trylen, og vert drenert via Dammträsk til Drevviken.

Innsjøen ligg like vest for jernbanestasjonen i Handen. Ved sørenden er det ein badeplass ved Rudans friluftsområde, der òg Sörmlandsleden passerer.

På sommarstid vert ofte Övre Rudasjön nytta som badeplass, og er klassifisert som eit såkalla EU-bad. Vatnet er normalt sett godt eigna til bading, med små eller ingen verdiar av næringsstoff, klorofyll og makrofytar. Han har òg derfor eit lågt trofisk nivå, med få fotoautotrofar og kjemotrofar.

Når isen er sterk nok vert det brøytt baner med tanke på skeising.

Bilete

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Övre Rudasjön» frå , den 15. juni 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Innsjøar i Haninge kommun