Mien er ein innsjø sør i Sverige, 12 km sørvest for byen Tingsryd. Innsjøen vart danna i eit meteorittkrater.

Det eroderte krateret er markert med innsjøen som er kring 5,5-6 km i diameter. Det opphavleg krateret er estimerte å ha hatt ein diameter på kring 9 km før erosjonen starta. Alderen er estimert til 121,0 ± 2,3 millionar år (tidleg krittida).

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Mien (lake)» frå , den 17. juni 2012.

Bakgrunnsstoff Google-kart over dei 50 største kratera

Kategori:Nedslagskrater i Sverige Kategori:Krater frå krittida Kategori:Innsjøar i Småland