Rolf Bae () var ein norsk fjellklatrar og polfarar som omkom under ein klatreekspedisjon på K2.Sträng, s.187

Trass sitt kort liv hadde Bae ei lang merittliste som klatrar og eventyrar:Lista er hovudsakleg basert på Sträng, s.73f I 2001 kryssa han Antarktis saman med Eirik Sønneland, den gong den lengste skituren i verda (3 800 km). Rune Gjeldnes slo rekorden i 2006. I 2005 gjekk han og Cecilie Skog til Sørpolen utan etterforsyningar. Dei kom fram 27. desember. I 2006 gjekk han og Cecilie Skog til Nordpolen utan etterforsyningar. Dei var framme 24. april 2006. Han padla kano gjennom North West Territories i Canada Han klatra det 8201 m høge fjellet Cho Oyu. I 2006 freista han og Cecilie Skog, å kome til topps på K2 via Cesen-ruta, men dei måtte gje opp etter to månader. I juni 2008 klatra han og Steinar Gravdal, Bjarte Bø og Sigurd Felde Norskeruta opp Great Trango Tower. Turen tok 27 dagar opp og tre ned. I juli-august 2008 var Bae med på ein norsk ekspedisjon på K2 saman med Skog, Øystein Stangeland og Lars Nessa. Han følte seg ikkje helt bra, og om lag femti meter under toppen stoppa han og venta til Skog og Nessa kom ned att. Under nedstigninga omkom Bae då den store séracen over The Bottleneck rasa ut og starta ei lavine. Dei faste taua klatrarane som var på K2 denne dagen hadde lagt for å sikre opp- og nedstigninga forsvann samstundes. Skog og Nessa, som gjekk i tauet rett bak Bae,Sträng, s.187f kom seg velberga ned, men av tolv andre klatrarar som var ovanfor rasstaden kom berre fire ned i live.

Kjelder Referansar

Litteratur

Bakgrunnsstoff Nettstad om kryssinga av Antarktis i 2001

Kategori:Norske fjellklatrarar Kategori:Norske polfararar Kategori:Antarktiske polfararar Kategori:Arktiske polfararar Kategori:Norske antarktisfararar Kategori:Norske arktisfararar Kategori:Døde i snøras