Lesja kyrkje er ei krosskyrkje frå 1750 i Lesja kommune i Innlandet fylke.

Byggverket er ei lafta tømmerkyrkje og har 300 plassar.Lesja kyrkje på Kyrkjebyggdatabasen lese på nett 2. april 2013. I dei fleste prestegjelda i Gudbrandsdalen vart det sett opp nye kyrkjer på 1700-talet, etter at kongen selde kyrkjene på auksjon i 1723. Alle kyrkjene vart kjøpt av bygdefolket. Dei nye kyrkjene var lafta krosskyrkjer. Det må ha vore den nye domkyrkja i Kristiania, Vår Frelsers kyrkje frå 1690-åra, som var førebiletet. Dei store soknekyrkjene i Gudbrandsdalen er godt proporsjonerte. Den eine krossarmen utgjer koret, skilt frå skipet med eit korskilje, vanlegvis krona med kongens monogram med to løver.

Biletgalleri

Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Kunsthistori.com – Lesja kirke Lokalhistoriewiki – Lesja kyrkje

Lesja kommune – Kirker

Kategori:Kyrkjer i Lesja Kategori:Kyrkjer i Nord-Gudbrandsdal prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1750-åra Kategori:Krosskyrkjer i Noreg Kategori:Kulturminne i Lesja Kategori:Valkyrkjer i 1814