mini|Tigersprangjuvet mini|Inne i Tigersprangjuvet

Tigersprangjuvet (kinesisk: 虎跳峡, Hǔtiào Xiá) er eit 15 km langt juv som elva Chang Jiang renn gjennom, om lag 60 km nord for byen Lijiang i provinsen Yunnan i Sørvest-Kina. Heile området der elva buktar seg gjennom tre parallelle elveløp, er verna som verdsarvstad av UNESCO. Juvet er eit mykje søkt turistmål.

Tigersprangjuvet ligg mellom fjelltoppane Yulongxue Shan på moh, og Haba Xueshan på moh. Juvet dannar ei rekke fossestryk, under opptil meter høge og stupbratte bergsider. Legenda seier at ein tiger berga seg frå jegrar ved å hoppe over eit 25 meter breidt juv.

Tigersprangjuvet vart opna for turisme i 1993. Etter massive protestar vart planar frå 2004 om å anlegge eit vasskraftverk i juvet; Hutiaoxia-demninga, venteleg skrinlagde i 2007.China abandons plans for huge dam on Yangtze | World news | The Guardian Prosjektet ville ha redusert vassføringa sterkt og tvinga nakhi-folk til mindre gjestmilde område lengre opp mot Tibet.Greed for energy threatens to dam legendary gorge -Times Online Derimot er vasskraftanlegg under utbygging ovanfor juvet.

Notar

Bakgrunnsstoff

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tigersprangjuvet» frå , den 25. juni 2012.

Kategori:Yunnan