Sorsele kommune ligg i Västerbottens län i Lappland i Sverige. Kommunen grensar i vest til Rana kommune i Noreg, til Arjeplog kommune i nord, Malå kommune og Lycksele kommune i aust, og Storuman kommune i sør. Sorsele er den nest minste kommunen i Sverige etter folketal.

Administrasjonssenter i kommunen er Sorsele.

mini|venstre|Sorsele kyrkje

Administrativ historie Dei to kommunereformane i 1952 og 1971 påverka ikkje grensene til Sorsele kommune. Den einaste verknaden av den første var at eit municipalsamhälle som vart oppretta i 1935, vart oppløyst i 1955.

Kommunekommunevåpenet Kommunekommunevåpenet til Sorsele kommune kom til etter ein konkurranse på 1960-talet, og vart fastlagt ved ein kongeleg resolusjon i 1970, og deretter registret av Patent- och registreringsverket i 1974. Kommunevåpenskjoldet viser to krosslagde blå ski gjennomtrengt av eit blått ulvespyd med raud spiss. Over spydet er det ein kniv for tilreiing av reinhorn.

Samisk språk Samisk har status som offisielt minoritetsspråk i kommunenDet svenske Språkrådets hjemmesider, om minoritetsspråk og kommunen inngår i forvaltningsområdet for samisk språk i Sverige.

Geografi Innsjøen Storvindeln ligg i kommunen. Vindelälven er det største vassdraget. Delar av fjellområdet Vindelfjällen på grensa mot Storuman kommune er eit naturreservat. I aust er det store myr- og skogområde, og skogbruk og treindustri er viktige næringar i kommunen.Artikkel om Sorsele kommune i snl.no Reindrift er òg ei viktig næring, i fjellbyen Ammernes finst området i Sverige med høgast reintettleik.Renskötsel i Sorsele frå nettstaden til Storsele kommunes.

E45 og Inlandsbanan går gjennom kommunen.

Tettstader Sorsele kommune hadde berre ein tettstad i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005].Statistiska centralbyrån den 31 december 2005

# Tettstad Innbyggjarar1.Sorsele1 288

Småstader Det finst tre småstader i Sorsele kommune (folketal den 31. desember 2005):Statistiska centralbyrån den 31 december 2005 Nr Småstad Folketal1Blattnicksele1872Gargnäs1383Ammarnäs95

Andre stader Lomselenäs Grans sameby Rans sameby

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sorsele kommune» frå , den 27. juni 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell heimesidefor Sorsele kommune

Kategori:Kommunar i Västerbottens län