mini|Opninga av Rørosmartnan 20. februar 2007. Ein ser ut over malmplassen der fôrbøndene kjem med hest og slede. Nokon av dei kjem heilt frå Falun i Dalarna i Sverige, og turen har tatt inntil 17 døgn. Det kom om lag 90 hestesledar denne dagen. I tidlegare tider har det vore opptil 1500 sleder på martnan, og det det har vore omsett 10 000 skinn. Ein ser Bergstadens Ziir til venstre og den gjenoppbygde smeltehytta til høgre. mini|Rørosmartnan i 25 minusgrader 25. februar 2001 Rørosmartna er ein årleg marknad og kulturskipnad på Røros som finn stad frå den nest siste tysdagen i februar og varer fram til følgande laurdag.
I regel kjem det omlag 70 000 og 80 000 besøkande og marknaden er difor viktig for Røros og omlandet. På opningsdagen kjem om lag 80 hestesleder med tilreisande frå Sverige og fjellbygdene omkring.
Bakgrunn Røros Kobberverk hadde opphavleg monopol på all handel i Bergstaden. På 1700-talet slutta ein å handheve dette monopolet ettersom det var umogleg å stoppe den frie omsetninga av varer. I 1801 fekk nokon få kjøpmenn på Røros tillating til å drive med handel, mot avgift. Men den ulovlege handelen på Røros bare auka. I 1842 vart det slutt på handelsprivilegiuma til kjøpmennene, som på mange måtar var meiningslause når til og med verkseigarane handla på si. Etter mange års påtrykk frå Røros kommune til Indredepartementet, blei den første Rørosmartnan i historia halden i 1854.
Marknaden har historie frå ein kongeleg resolusjon frå 1853::
Fra 1854 af skal der i Røros afholdes et Marked, der begynder næst siste tirsdag i Februar Maaned og varer til den påfølgende Fredag.
I 1855 blei marknaden vitja av eit par tusen menneske, stort sett frå dei næraste distrikta i tillegg til Gudbrandsdalen, Hedmark og Sverige. Døme på varer som blei omsette var skinn, korn og mjøl, fisk, lin og hestar. Fordi det kom så pass mange folk, fann styresmaktene det nødvendig å ha militæret tilstades som ordensvakt.
Utvikling Det eksisterte eit naturleg grunnlag for Rørosmartnan i regionen, då folk kom for å kjøpe og selje produkta sine som gav eit verdifullt bidrag i økonomien. Av denne grunnen utvikla Rørosmartnan seg av seg sjølv den fyrste tida, utan planlegging og reglement. Frå tidleg av eksisterte det marknadsavgift som bueigarane måtte betale. Det var oppgåva til politiet å krevje inn avgifta, noko som kan reknast som ein organiserande funksjon. Ekstra vakthald blei nødvendig for å oppretthalde ro og orden under martnan, og vaktene blei finansierte gjennom avgifta.
Men handelen på Rørosmartnan var dalande rundt 1874, og etter søknad blei det ved Kongelig resolusjon bestemt 29. februar i 1877 at martnan skulle opphevast frå og med 1878. Mange meinte også at opninga av Rørosbanen ville gjere Rørosmartnan overflødig, men jernbanen starta derimot eit oppsving for martnan ved å føre med seg fleire folk og varer frå nye kantar, og ein ny resolusjon vedtok at den tidligare resolusjonen om nedlegging ikkje skulle tre i kraft. Etterkvart såg ein at organiseringsforholda endra seg då det lokale næringslivet fekk større interesse for Rørosmartnan. Fyrst etter andre verdskrigen oppstod det ei form for martnaskomité som planlegg arrangementet. Det var blant anna nokre medlemmar av Røros Kjøpmannsforening som gjekk saman
Interessa for Rørosmartnan var igjen dalande utover 1960-talet, så tok Røros Turist- og Reiselivslag (no Opplev Røros AS) over heile arrangementet med fleire representantar frå handelsstanden og kommunen og fekk sakte men sikkert interessa for arrangementet tilbake.
Utvikling på 2000-talet Rørosmartnan har vokse sidan den kongelige resolusjonen slik at laurdag også har vorte martnasdag. Siden den gongen vert det handla med alle slags varer, og det har blitt fleire og fleire salsbuer kvart år. Inne på kafear og lokale vert det spela gamal dansemusikk frå tidleg på dagen til seint på natta.
I 2015 blei det gjort ei uoffisiell utrekning av talet på vitjande, og arrangørane gjekk ut frå at så mange som 80 000 menneske hadde besøkt Rørosmartnan fra 17. til 21. februar det året.
Opningsseremoni Rørosmartnan har ofte hatt prominente gjestar til å halde opningstalen. +ÅrPersonRolle2024Jonas Gahr Støre Norsk statsminister2023Tore O. SandvikFylkesordførar for Trøndelag fylke 2018-20232022Avlyst på grunn av Covid-192021Avlyst på grunn av Covid-192020Iselin NybøNorsk næringsminister2019Hanna GeiranRiksantikvar 2018 - 2018Axel WernhoffSvensk ambassadør i Noreg 2014-20182017Linda Hofstad HellelandNorsk kulturminister 2015-20182016Cathrine Pia LundDirektør for merkevaren Norge2015Tine SundtoftStatsråd2014Hans VintervoldOrdførar i Røros kommune2013Torbjørn Røe Isaksen2012Per Edgar KokkvoldJournalist og generalsekretær i Norsk Presseforbund2011Erling Aas-EngOrdførar i Tolga kommune2010Jørn HolmeRiksantikvar 2009 - 20182009Heidi SørensenStatssekretær i Miljødepartementet 2007-20122008Åse KlevelandKulturminister i Norge 1990-19962007Tore O. SandvikFylkesordfører i Sør-Trøndelag fylke 2003-20182006EvaZätterlundMedlem av Forbonden Kløvsjø2005Jens StoltenbergArbeiderpartiets parlamentariske leiar 2001-20052004Marvin Wisethkonserndirektør for kommunikasjon og samfunnskontakt i Sparebank 1 SMN.2003Kåre GjønnesFylkesmann i Sør-Trøndelag2002Thorbjørn BerntsenTidligare miljøvernminister2001Paul Ottar HagaNorsk skodespelar2000Stephan Tschudi-MadsenRiksantikvar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Rørosmartnan» frå , den 1. oktober 2024.
Bakgrunnsstoff Nettstaden til Rørosmartnan
Kategori:Røros kommune Kategori:Norsk kulturliv