mini|kyrkja i Ödsmål. Ödsmål er ein svensk tettstad i den nordre delen av Stenungsunds kommun i Västra Götalands län i landskapet Bohuslän. I 2005 hadde tettstaden 557 innbyggjarar.
I følgje stadsnamnsforskarar kjem namnet av Auðnsmál, der forstavinga Auðn tyder nydyrking og tidlegare aude stad, og etterstavinga mál tyder mål (oppmålt plass).
Frå administrasjonssenteret i kommunen, Stenungsund, er det om lag 5 km til Ödsmål ,ed gode bussamband og ein sykkelsti.
I Ödsmål er det ein barneskule og tre barnehager. Dei fleste som bur i Ödsmål arbeider i Stenungsund eller Göteborg, men det finst òg nokre større arbeidsplassar. Den største er petrokjemiselskapet Perstorp Oxo, fulgt av Provexa, som mellom anna pulverlakkerer parabolantenner.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ödsmål» frå , den 6. juli 2012.
Kategori:Stenungsunds kommun Kategori:tettstader i Västra Götalands län