Sand er ein tettstad og kommunesenter i Suldal kommune i Rogaland fylke.

Tettstaden Sand Tettstaden er kommunesenteret i Suldal kommune og har . Det går ferje frå Sand over Sandsfjorden til Ropeid. Ferjesambandet er ein del av Fylkesveg 46. Staden har ei lang historie, med mellom anna skipsbygging. Her er mellom anna kulturhus, hotell og hovudsetet til Ryfylkemuseet. Her ligg òg Sand kyrkje frå 1852.

Sand sokn Soknet omfattar bygdene rundt indre Sandsfjorden, ytre Saudafjorden og store delar av Hylsfjorden. Det har 1 506 innbyggjarar og høyrer til Ryfylke prosti. Sand sokn høyrer til Ryfylke prosti.

Sand kommune Då dei norske kommunane vart oppretta ved formannskapslovene i 1837 var Sand sokn ein del av Jelsa kommune. Sand vart frådelt som eigen kommune i 1858, og den gjenverande kommunen hadde då 1 600 innbyggjarar. I 1965 vart Sand kommune med 1 135 innbyggjarar nedlagd og vart ein del av Suldal kommune.

mini|venstre|Sand kyrkje Bakgrunnsstoff Ryfylkemuseet. Suldalslågen Eldre fotografi frå Sand på nettstaden til Nasjonalbiblioteket Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999) SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Rogaland»

Fotnotar

left|thumb|upright=2.5

Sjå òg Tettstader i Rogaland

Kategori:Suldal kommune Kategori:Bygder i Suldal Kategori:Tettstader i Rogaland Kategori:Tidlegare kommunar i Rogaland Kategori:Sokn i Stavanger bispedømme Kategori:Ryfylke