mini|Borrefunnet, restar frå ei skipsgrav frå vikingtida, blei gjort i Borreparken i Vestfold 1852. Borrefunnet er eit funn frå 1852 av restane av ei norsk skipsgrav frå vikingtida.
Funnet vart gjort då ein grov ut ein av Borrehaugane i Vestfold fylke, som er eitt av dei største gravfelta i Noreg. I haugen låg eit skip på 17-20 meter, men av di haugen for det meste var av sand hadde det meste av tre og jernsaker i skipet og i grava vorte øydelagt. Bak i båten vart det gjort funn av mellom anna metallstykke til køyre- og rideutstyr, og bein av ein hund og tre hestar. Etter dei funne restane har ein kunne datert funnet tilbake til tidleg på 900-talet.
Sjå òg Borrehaugane, også kalla Borreparken og Nasjonalparken Borrestilen, underkategori av den norrøne dyreornamentikken
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Borrefunnet» frå , den 12. juli 2012.
Kategori:Arkeologiske funn frå 900-talet Kategori:Arkeologiske funn i Noreg Kategori:Turistmål i Vestfold Kategori:Skip frå norrøn tid