Karen Victoria Silvstedt ()Expressen, 29. oktober 2004. er ein svensk fotomodell, songar, skodespelar og fjernsynspersonlegdom.Victoria Silvstedt Official Homepage, victoriasilvstedt.com, 8. mai 2010.
Tidleg liv Silvstedt vart fødd i Skellefteå og vart oppdregen i ein familie på fem i Bollnäs. Ho har ei eldre syster som heiter Veronica og ein yngre bror.Victoria Silvstedt: My Perfect Life TV series, E!, 2008. Ho var ihuga ryttar, og ynskte å bli veterinær.Lifestyle Asia, lifestyleasia.com, 10. desember 2008.
Faren til Victoria var leiar for eit lokalt skilag,Stumped?, Victoria Silvstedt Interview 2004, 8. mai 2010. og ho byrja med alpint i ein alder av fem. Den konkurransedyktige karrieren enda då ho seksten år gammal skadde skuldra under eit skirenn.
Karriere Modellverksemd Silvstedt deltok i Miss Sverige-konkurransen, og ho vart utvald til å representere landet sitt i Miss World-konkurransen i Sør-Afrika i 1993.Ilta-Sanomat, 22. august 2008Iltalehti, 29. desember 2009. Silvstedt vart teken opp av eit modelleringsbyrå i Paris, og ho byrja å jobbe for ulike prestisjetunge motehus, som Chanel, Christian Dior, Giorgio Armani, Givenchy, Loris Azzaro, og Valentino. I 2000-åra og 2010-åra har Silvstedt fortsett modellverksemda internasjonalt og blitt vist i ei rekkje blad, mellom anna FHM, Glamour, GQ, Maxim og Vanity Fair, som modell for ulike merke.Expressen, 6. april 2006.
Karriere som skodespelar Silvstedt har jobba som skodespelar sidan slutten av 1990-åra, då ho dukka opp i Hollywood-seriar som Melrose Place. Silvstedt har òg vore med i ei rekkje komediefilmar inkludert BASEketball, The Independent, Out Cold og Boat Trip.IMDb Victoria Silvstedt, 8. mai 2010. Silvstedt har òg hovudrolla i filmar og TV-seriar frå ulike europeiske land, særleg i Italia.
Karriere som songar Silvstedt gav ut eit studioalbum med tittelen Girl on the Run på EMI i 1999. Det vart òg gjeve ut tre singlar, «Hello Hey», «Rocksteady Love» og «Party Line».7 Päivää, 28. august 2008. I 2010 gav ho ut den fjerde singlen sin med tittelen «Saturday Night». Silvstedt har sagt at ho elskar å syngje, men at det berre er ein hobby, og at ho ikkje kan sjå seg sjølv gjere ein karriere av det.
Karriere som TV-programleiar Silvstedt har presentert ei rekkje TV-program over heile verda sidan 1990-åra. Ho har presentert underhaldningsprogram og vore programleiar for ei rekkje prisutdelingar. I 2006 byrja Silvstedt å jobbe som vertinne i franske og italienske versjonar av speleprogrammet Wheel of Fortune, og pendla mellom Paris og Roma. I 2010 fekk Silvstedt sitt eige TV-program, Sport by Victoria, på Eurosport under Vinter-OL 2010. Programmet omtalte ulike vintersportar, og det vart gjort både på engelsk og fransk.Ilta-Sanomat, 19. februar 2010.Sport by Victoria, Eurosport, 13.–28. februar 2010.
Reality-serie Silvstedt debuterte med sin eigen reality-serie, Victoria Silvstedt: My Perfect Life, i 2008. Programmet har sidan vorte lansert i heile verda, inkludert Europa, USA, Asia, Australia og Latin-Amerika. Den første sesongen omfattar hennar personlege liv og arbeidsliv, og følgjer henne til Saint-Tropez, Monaco, Cannes, Paris, Roma, London, Helsingfors, Stockholm, Los Angeles og New York. Silvstedt vitjar òg familien sin i Sverige, der ho voks opp.
Personleg liv Silvstedt møtte Chris Wragge i 1997, då han intervjua henne for Entertainment Tonight.Aftonbladet, 21. mai 1999. Dei vart trulova på julaftan 1998 og gifta seg i 2000.Aftonbladet, 2. januar 1999. Silvstedt og Wragge budde i Santa Monica og Houston i fleire år, før han flytta til New York i 2004. Dei separerte seg i 2007, men har ikkje skilt seg.Ilta-Sanomat, 27. august 2007.Glamour (Sverige), november 2008.
Victoria Silvstedt snakkar flytande svensk, engelsk, fransk og italiensk.
Diskografi Album Girl on the Run (1999)
Singlar «Rocksteady Love» (1999) «Hello Hey» (1999) «Party Line» (2000) «Saturday Night» (2010)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Victoria Silvstedt» frå , den 15. juli 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Offisiell nettstad for Victoria Silvstedt
Kategori:Fødde i 1974 Kategori:Svenske modellar Kategori:Svenske songarar Kategori:Svenske skodespelarar