Torgny Mogren () frå Hällefors er ein svensk tidlegare langrennsløpar. Han vann verdscupen i langrenn i 1987, og var mellom dei tre beste i til saman fem sesongar. Mogren vart verdsmeister på femmila både under Ski-VM 1991 i Val di Fiemme og på heimebane i Falun to år seinare. I 1988 vart han oympisk meister med Sveriges stafettlag. Mellom 1986 og 1997 vann han ni svenske meisterskap. Mogren tevla for Åsarna IK.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap Ski-VM 1987 i Oberstdorf: Bronsemedalje på 50 km og gullmedalje på 4 x 10 km stafett Vinter-OL 1988 i Calgary: Gullmedalje på 4 x 10 km stafett Ski-VM 1989 i Lahti: Sølvmedalje både på 15 km og på 50 km, gullmedalje på 4 x 10 km stafett Ski-VM 1991 i Val di Fiemme: Gullmedalje på 50 km, bronse på 10 km og sølv på 4 x 10 km stafett Ski-VM 1993 i Falun: Gullmedalje på 50 km

Gullmedaljar i svenske meisterskap 1986: 15 km, 30 km og 50 km 1987: 50 km 1991: 15 km 1992: 50 km 1993: 50 km 1994: 30 km 1997: 15 km

Åsarna IK vann elleve svenske meisterskap over 3x10 km stafett i perioden 1985-98. Mogren var med på ti av triumfane, saman med mellom andre Jan Ottosson, Thomas Wassberg, Jyrki Ponsiluoma, Peter og Morgan Göransson.

Mogren vart tildelt Svenska Dagbladets gullmedalje for 1993. Han la opp som langrennar i 2000.

I dag bur han i Mora.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Torgny Mogren» frå , den 16. juli 2012.

Kategori:Svenske langrennsløparar Kategori:Verdsmeistrar i langrenn Kategori:Olympiske medaljevinnarar i langrenn Kategori:Olympiske meistrar for Sverige Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1988 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1994 Kategori:Svenske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Langrennsløparar under vinter-OL 1998